Kommunestyret i Flora har vedteke å halde oppe alle utkantskulane. Det er eit klokt og framtidsretta vedtak. Politikarane fortener ros. Dei har makta å lyfte blikket opp frå rådmannen sin tal-kolonnar. Til forskjell frå folkevalde i t.d. Hyllestad, Høyanger og Askvoll — har dei skjøna at sentrum er avhengig av livskraftige utkantar. Fleirtalet i sentrum kan lett kome i skade for å sage av den greina dei sjølve sit på.

Kommunane i distrikta må slutte å vende våpna mot innbyggjarar i eigne utkantar kvar gong administrasjonen legg fram raude tal. Merkeleg nok er det born, sjuke og eldre som alltid står so lagleg til for hogg. Der kan det sparast! Men kva når velfødde 40-50-åringar skal ha sine kunstgras-baner, fleirbrukshallar, båthamner og badeland? Då er budsjett-balansen god nok. Om kommunen har for lite pengar, burde ein vel heller dele på armoda - og snu krava mot den søkkrike norske staten?

Forresten er det tvilsamt om kommunane sparar noko nemnande på å leggje ned krinsskular. Kalkulator-trykkjarane på kommunehuset tek sjeldan med alle kostnader. Eit gamalt ordtak seier: «Rekninga kan ikkje lyge, sa guten - han rekna ut at han var eldre enn far sin.» Ein kan lure på om reknedugleiken er slik i somme kommunar. For det ein sparer på ein budsjettpost, dukkar ofte opp som utgifter andre stader.

Men politikarane i Flora har tydelegvis skjøna noko langt viktigare: Kommunen kan ikkje år etter år drive «terror» mot utkantane sine, ved å så tvil om so grunnleggjande velferdsgode som skule i nærmiljøet. Det er som å truge med å dra teppet vekk under føtene på folk. Ein må ta vare på alle innbyggjarar - same kvar dei bur. Familiar og næringsliv har krav på å leve under rammevilkår som er stabile og føreseielege. Det gjev ro og tryggleik. Då torer ein å satse der. Lokalsamfunna vil bløme og menneska trivast. Politikarane har derfor no styrkt Flora sitt omdøme som ein kommune der det er godt å bu.

TORODD FAGERHEIM

RÅDGJEVAR I LUFS