PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noDet er politiinspektør Bente Staven som har henta fram dei oppsiktsvekkande tala frå dei to politidistrikta i Sogn og Fjordane. Industrikommunen Høyanger tronar suverent øvst på lista som viser tala på narkotikasaker pr. tusen innbyggarar frå i fjor, og tronar høgt over landets to største byar. Fire gonger meir enn Oslo Med 32,22 saker pr. 1000 innbyggarar i Høyanger, hadde kommunen nesten tre gonger så mange registrerte narkosaker som Bergen politidistrikt — og fire gonger så mange som i Oslo. I Bergen var det 11,99 narkosaker pr. tusen innbyggarar, i Oslo 8,30 saker.På andreplass i fjordfylket ligg Flora kommune, med 9,56 saker, og nedover på lista er det fleire småkommunar i fylket som er nær ved å tangere narkostatistikken frå hovudstaden. - Talet narkosaker har jamna seg veldig ut. I reine sakstal ser vi no at det nærast ikkje er skilnad på by og land, seier politiinspektør Bente Staven i Fjordane politidistrikt. - Dette er ei utvikling vi har sett dei siste åra, og som vil halde fram. Førstegangsbrukarar Statistikken fortel kor hyppig politiet siktar nokon for eit narkotikabrotsverk, rekna etter folketal. Den seier ingenting om type narkobrotsverk, type stoff eller kor stort volum.Leiar for narkotikaavsnittet ved i Bergen politidistrikt, Magne Hovda, seier til Bergens Tidende at sakstala er reelle, men svært avhengige av kva politiet kan prioritere lokalt.- Det er klart at vi kunne reist ut på byen og henta inn mange narkobrukarar kvar einaste dag, dersom vi prioriterte ressursane slik, seier Hovda. - I mindre, meir gjennomsiktige lokalmiljø taklar politiet gjerne narkotikaproblemet på ein annan måte.Også informasjonsjef Audun Øvrebø ved Oslo politidistrikt peikar på dette, men fortel samstundes at tala omfattar alle såkalla nye brukarar politiet pågreip i hovudstaden i fjor. - Alle førstegangsbrukarar vi tar i Oslo, blir melde, seier Øvrebø. Meir i år Nettopp denne gruppa utgjer ein stor del av sakstalet også i distrikta. Politiet i Sogn og Fjordane forventar ei ytterlegare auke i narkosaker i år, blant anna er 30 personar pågripne i samband med ei opprulling i Nordfjord siste veka. På Eid er allereie no i mars sakstala større enn heile fjoråret!Med sine 4655 innbyggarar hadde Høyanger i fjor 150 narkotikasaker. Lite tyder på at det blir færre i år, for allereie no har lensmannskontoret registrert innpå 50 saker. I januar kom rekordbeslaget hittil, då ein 22-årig Høyanger-mann vart tatt med 4,7 kilo hasj. Lensmannsbetjent Aksel Rødland forklarer dei høge tala slik:- Vi har faktisk ein god del brukarar i kommunen, og i tillegg har vi prioritert arbeidet mot desse miljøa svært høgt. Då blir det veldig mange saker, seier Rødland. - Og det viser seg at ting heng saman, slik at vi no også oppklarer mesteparten av vinningskriminaliteten. Forventar auke Berre dei aller minste kommunane i Sogn og Fjordane var utan narkotikasaker i fjor. Med dei mange sakene hittil i år, vil i alle fall Høyanger og fleire Nordfjord-kommunar etter alle solemerke få merkbar auke. Dette er talet narkotikasaker pr. 1000 innbyggarar i Sogn og Fjordane, Bergen og Oslo:1. Høyanger (32,22) 2. Bergen (11,99) 3. Flora (9,56) 4. Oslo (8,30) 5. Årdal (6,59) 6. Eid (6,21) 7. Jølster (6,06) 8. Stryn/Hornindal (5,88) 9. Førde/Naustdal (5,38) 10. Gaular (5,25) 11. Vik (4,75) 12. Sogndal (4,66) 13. Balestrand (4,57) 14. Vågsøy (3,89) 15. Gloppen (3,68) 16. Selje (2,93) 17. Askvoll (2,36) 18. Gulen (1,21) 18. Luster (1,21) 20. Solund (1,06).Kommunane Bremanger, Leikanger, Lærdal, Fjaler, Hyllestad og Aurland hadde mindre enn 0,5 narkotikasaker pr. 1000 innbyggarar.Tala er basert på politiet si registrering av narko-siktingar (Sogn og Fjordane, Bergen politidistrikt) og Statistisk sentralbyrå sin statistikk over melde narkotikasaker 2000 (Oslo).