JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Fredag ettermiddag var siste innspurten med innstillinga til Nasjonal Transportplan på Stortinget. Samferdslekomitéen hadde tenkt å verta ferdig torsdag, men brukte heile fredagen med for å finpussa innstillinga, som Stortinget skal handsama i komande veke. Ikkje så rart, kan henda, at det går med mykje tid, for innstillinga er eit dokument på mellom 300 og 400 sider, og både geografi— og reknekunnskapane til kvar einskild vert sett på harde prøver.

— Det vert mykje blading i atlasar og NAF-bøker. Særleg for dei som er nye i komitéen, seier leiaren, Oddvard Nilsen.

I går ettermiddag hadde leiaren i samferdslekomitéen så nokolunde oversikt over dei viktigaste punkta i innstillinga for Vestlandet sin del:

Hordaland * E 134 skal definerast som korridor Oslo-Bergen, med arm til Haugesund.

  • Ny veg gjennom Rullestad-juvet på E 134.
  • Jondalstunnelen rykkjer fram i køen fordi eit fleirtal av Ap og sentrumspartia krev ei overgangsordning for ein del større fylkes-vegprosjekt. Dette er Oddvard Nilsen i mot.
  • Det skal byggjast gang- og sykkelveg langs E 16 mellom Voss (Skulestadmo) og Vinje.
  • Bergensprogrammet skal førast vidare slik det er lagt opp til av Bergen bystyre og Hordaland fylkesting. Fleirtalet her er Ap, H og KrF. Oddvard Nilsen understrekar at Stortinget må handsama bompengesøknaden om Bergensprogrammet tidsnok til at bompengeinnkrevinga kan starta 1. januar 2002.
  • Det skal utarbeidast eit forprosjekt for ny seglingsleid til Bergen gjennom Skjelangersundet.

Ein del andre prosjekt som ikkje er nemnde her, går vidare av seg sjølve som ein del av regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan. Det gjeld til dømes Kyststamvegen over Stord og Os-Bergen.

Sogn og Fjordane * Utbetring av E 16 både på vest- og austsida av Filefjell.

  • Trafikkteljing på Rv 52 gjennom Hemsedal som ein del av vurderinga av kva rolle denne vegen skal ha i aust-vest-sambandet.
  • Framtidig stamveg gjennom Kviven, og opprusting av vegen gjennom Stigedalen.
  • Dalsfjordbrua som «premie» for kommunar som vil slå seg saman. Det gjeld Fjaler, Hylle-stad og Askvoll.
  • Kanskje ikkje fleirtal, men sterke signal om Stadtunnelen.

Kollektivtrafikken I går stod Høgre framleis åleine med sitt forslag om å løyva 480 millionar kroner over fire år til premiering for flinke kollektivselskap.

— Det er fleirtal for prinsippet, som går på dei såkalla kvalitetskontraktane, slik vi har fått det i Hordaland, men ingen andre vil løyva pengar til det. Men korleis kvalitetskontraktar skal gjennomførast utan å auka rammene til kolektivtrafikken, er meir enn eg skjønar, seier Oddvard Nilsen.