TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no Hermansverk

Onsdag kveld skapte fylkespolitikarane i Møre og Romsdal spenning då dei utsette å handsame den framforhandla avtalen om å slå saman dei to selskapa. Arbeidarpartiet var med på utsetjingsframlegget onsdag kveld, men snudde i løpet av natta og røysta for fusjonsavtalen då saka kom opp att i fylkesutvalet torsdag. Vedtaket vart gjort med 11 mot fire røyster, og indikerer at det seinare torsdag vil verte eit klar fleirtal for samanslåing også i Møre og Romsdal fylkesting.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjekk torsdag føremiddag med stort fleirtal inn for avtalen som inneber samanslåing av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Berre Framstesgpartiet sine to representantar stemde mot.

Avtalen om samanslåing av dei to selskapa inneber i praksis at eitt av dei største ruteselskapa i landet no ser dagens lys. Sogn og Fjordane skal eige 59 prosent og Møre og Romsdal 41 prosent av aksjane i eit felle eigarselskapet. Fylkesbaatane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar skal bestå som eigne dotterselskap.