I Sogn og Fjordane var talet på søknader nesten dobla i høve til året før, og også i Hordaland var 2001 eit desidert toppår så langt.

Fylkesmannen i Hordaland mottok i 2001 195 søknader om slik erstatning, ei auke på 31 saker frå året før. På 90-talet låg det årlege sakstalet i Hordaland grovt sett rundt 150.

I Sogn og Fjordane søkte 33 personar om erstatning i fjor, mot 17 året før.

Ingen av fylka har gjort opp status på kor mange som fekk innvilga erstatning i 2001, men tal frå tidlegare år ligg på mellom 50 og 70 prosent. Hovudtyngda er utbetalingar under 60.000 kroner.

Nesten berre menn

Medan dei som søkjer erstatning er omtrent likt fordelt på kjønna, er det ei soleklar overvekt av menn som står bak den same valden.

— 127 av dei 145 valdsutøvarane som var involverte i våre saker i 2000 var menn, fire var kvinner, det var eitt barn og 13 ukjende, fortel 1. konsulent Elisabeth Bru hjå Fylkesmannen i Hordaland. Offera var jamt fordelt mellom kjønna. Av dei 134 som fekk erstatning dette året i Hordaland, var 35 barn.

Ordninga kan kompensere for både økonomisk og ikkje-økonomisk tap (oppreisning).

Fleire og større erstatningar

Saksbehandlarane reknar med at både sakstal og erstatningsbeløp vil halde fram med å stige i åra framover. Årsaka er blant anna den nye lova om valdsoffererstatning, der maksimalbeløpet er heva frå 200.000 kroner til 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda (utgjer p.t. rundt ein million kroner).

Valdsbrotsverk og seksuelle overgrep er hovudkategoriane, og valdsoffererstatning blir normalt utbetalt etter at sakene er rettskraftig avgjort. Den nye lova omfattar berre forhold skjedd etter 1. juli i fjor, og hittil er svært få - om nokon - saker behandla etter nye reglar.

— Vi reknar nok med at sakstalet vil auke i åra framover, seier rådgjevar Svein Hågård hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. - Erstatningssummane kan bli høgare, og etter dei nye reglane er ikkje lenger skadevoldaren part i saksbehandlinga. Dette gjer det truleg enklare for mange offer å søke erstatning, eksempelvis i saker der skadevoldar er eller har vore i nær familie.

Staten går i mange av sakene til regress mot skadevoldaren, særleg i tilfelle der det er sagt rettskraftig dom på erstatninga. Men erstatning kan også bli gjeve sjølv om skadevoldar er frikjent i retten, saka er lagt bort eller ikkje politimeldt i det heile.