JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no28. desember i fjor fekk 19.000 menneske i kommunane Stord og Fitjar ferjefritt vegsamband med Haugalandet og Haugesund.Mange var redde for at tunnelen under Bømlafjorden ville føre til at færre tok ferjeturen til Bergen mellom Halhjem og Sandvikvåg, som knyter Sunnhordland til Bergen. 12.000 fleire passasjerar Så langt er det lite som tyder på det. I dei tre fyrste månadane i år reiste 235.000 passasjerar med ferjene mellom Halhjem og Sandvikvåg. Det er nesten 12.000 fleire enn i same periode i fjor.— Dette var hyggjelege tal, men ikkje overraskande. Eg har heile tida sagt at vi må sjå på Trekantsambandet som ein sjanse for Bergen, og ikkje som eit trugsmål. Bergen har mykje å by på, ikkje minst som kulturby. Når sambanda er gode, vil reiseaktiviteten auka, seier byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen til Bergens Tidende. Haugesund har lite Talet på personbilar steig i same perioden frå 89.000 til 91.500, medan talet på bussar gjekk opp frå 1495 til 1716. Det trass i at fyrste kvartal i år hadde ein trafikkdag mindre enn i fjor på grunn av skotåret 2000.- Dette hadde vi i grunnen venta. Trafikken på sambandet mellom Sunnhordland og Bergen har auka formidabelt dei siste åra - særleg etter at HSD gjekk opp til fire ferjer på Halhjem-Sandvikvåg, seier Stord-ordførar Magne Rommetveit til Bergens Tidende.Rommetveit meiner at Haugesund har lite å stilla opp med mot Bergen, og at Leirvik eigentleg har det meste at det som finst i Haugesund.- Dei store kjedebutikkane er alt på veg til Stord. Skal stordabuen finna seg noko heilt utanom det vanlege, reiser han helst til Bergen, seier Rommetveit. Ventar på Bømlo Trafikken gjennom Bømlafjordtunnelen har rg vore livleg. Godt over det som var spådd, og langt over trafikken som var då ferja framleis gjekk mellom Skjærsholmane og Valevåg.Det knyter seg særleg spaning til trafikktala for mai månad på Halhjem-Sandvikvåg. Etter at Trekantsambandet vart opna av Kongen 30. april fekk 11.000 menneske på Bømlo kortare veg til Bergen.- Dette vil slå sterkt ut på trafikken, seier ordførar i Kvinnherad, Aksel Kloster. Han er leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.- Eg er overtydd om at Bergen har eit enormt potensiale for utvikling. I Sunnhordland og på Haugalandet er det i alt 15 kommunar med 150.000 menneske. Fleire og fleire av dei som bur på Haugalandet, altså i Rogaland, ser heller Bergen som sin by enn Stavanger, seier Aksel Kloster.