I går skreiv BT om den lange soningskøen på Vestlandet. 615 straffedømde ventar no på soning, og mange må vente lenge: Fleirtalet i køen har fått beskjed om at det kan ta tre-fire år før dei kan sone ferdig i fengsel.

36 på «dobbeltrom» Slik vil justisminister Odd Einar Dørum korte ned soningskøen i Kriminalomsorg region vest, som omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal:

*** Fleire fangar på same rom.** Det skal opprettast ytterlegare elleve dublerte plassar i Bergen fengsel i år.

*** Overføring av dommar.** Endå fleire dommar skal overførast til Kriminalomsorg region sørvest. Første kvartal i år vart 100 dommar overførde til naboregionen, som ikkje har soningskø.

*** Nye varetektsplassar.** Statsråden går inn for å opprette 90-100 nye varetektsplassar innan 2006, både for å sikre varetektsplassar og unngå brot på 24-timarsregelen.

I dag bur 36 fangar på «dobbeltrom» i Bergen fengsel, som inneber at to og to innsette deler celler som opphavleg er meint for éin person.

Å utvide talet på dublerte plassar er uproblematisk, meiner Dørum:

— Dette skal skje etter ei konkret vurdering av helse, miljø og tryggleik i kvart enkelt tilfelle, seier Dørum.

— Ser du ikkje at det kan vere problematisk å plassere to personar i ei celle som er meint for ein?

— Ikkje så lenge dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle, og fengselsleiinga har gått god for det. To på kvar celle er dessutan vanleg i andre land.

«Ekstreme tilfelle» - Kva kommentar har du til at straffedømde må stå inntil fire år i kø?

— Fire år er ekstreme tilfelle, og ikkje normal soningskø, svarar Dørum.

— Men dei fleste som står i kø på Vestlandet får beskjed om at dei må vente inntil tre-fire år?

— Det kan eg ikkje kommentere, det viser ikkje materialet eg har fått.

Av meir generelle grep for å redusere soningskøen i region vest ønskjer statsråden at konfliktråd i større grad blir brukt for å unngå at ungdommar kjem inn i «soningsmaskineriet».

Dørum tek også til orde for auka bruk av samfunnsstraff,ogrefererer til ei intern vurdering i justisdepartementet.

— Den viser at minst femten prosent av soningskøen på landsbasis kunne vore gjort om til samfunnsstraff. Det ligg eit stort potensial for å korte ned soningskøen i samfunnsstraff, meiner Dørum.