Av og til, når eg kjører her, tenkjer eg at det vi treng mest av alt her i landet, er pinadø meir overstyring. Eg saknar rett og slett fleire knallharde direktiv frå EU. Eg ønskjer overnasjonale forordningar, brutalt tredd ned over hovudet.

Korleis kan det ha seg?

Alle veit jo at vi to gonger har gått til folkeavrøysting og sagt nei til norsk EU-medlemskap.

Kanskje er det fleire enn meg som har lurt på vitsen. For vi lever jo i det mest EU-tilpassa og lojale regimet Europa har sett.

At folket sa nei og atter nei, betyr ikkje så mykje i praksis.

For regjering og embetsverk skal absolutt vere med på det unionen driv med, som ein lojal heiagjeng. Elles fryktar dei å komme i ein lei skvis, både økonomisk og politisk.

Norge vil vise Europa at vi er minst like gode som dei store gutane i klassen.

Derfor er Norge heilt i toppen blant EØS-landa i å innordne seg, og har ifølgje ESA (EFTAs kontrollorgan) pr. i dag innført heile 99,3 prosent av EU-lovene.

Å danse etter dei store si pipe har også i Europa-politikken utvikla seg til å bli vårt fremste utanrikspolitiske kjennemerke.

Det er berre i avisoverskriftene her heime at Norge er ein heltemodig nasjon som reddar verda.

Der kan vi ofte sjå korleis regjeringa vår fører ein heroisk kamp mot alle desse vemmelege EU-direktiva, anten dei gjeld barnemat, kraft, patentrettar på naturen eller forbod mot ein eigen norsk distriktspolitikk.

Men kvar skapte gang kokar det altså ned til at vi lojalt tilpassar oss til krava frå den europeiske sentralmakta.

Dette er eit stabilt og interessant fenomen.

Særleg om vi ser på kva som elles foregår i dette rike landet.

Dei styrande har gjort helsevesenet om til hjelpelause minusføretak og kommunane til gjeldsslavar. Å drive skular og barnehagar kan ikkje vere enkelt for slike demokratiserte konkursbu, og kronisk sjuke gamlingar blir neppe nokongong god butikk i føretakssamfunnet.

Og aldri har vi vore rikare. Hm.

Då er det at eg kjører langs den vestnorske europavegen, betaler bompengar to gonger, og etterlyser fleire direktiv frå EU.

Det første eg vil ha er eit som kan fråta Norge retten til å kalle dette uferdige lappverket for Europaveg. Eit som seier at dersom dette skal vere ein E39, så får den også stette nokre små krav.

Som at den skal vere brei nok for to personbilar å møtast relativt problemfritt, at vegdekket skal vere nokolunde fritt for slagholer, telehiv og djupe hjulspor med konstant fare for vassplaning.

Så EU: slå i bordet, kom med direktiv, gje Norge klar beskjed om at dei ikkje får vere med på europavegnettet før slike elementære krav er oppfylte.

At austlendingar flest innbillar seg at Opseth har fått gullbelagt alle vegar her vest, spelar inga rolle. I Brüssel har dei likevel ikkje særleg dårlegare kunnskap om tilstanden enn dei har i Oslo.

Sjølvsagt måtte EU ha snudd på flisa, og berre gløyme slike direktiv som berre er laga for å gje barnematprodusentar, genindustri og andre storkonsern enda større profitt.

Kom heller med direktiv om at folk i rike land har krav på kvalifisert fødselshjelp og andre helsetenester i nærområda sine. At gamle og hjelpelause har krav på eit minstemål av menneskeverd. At alle barna har krav på ein god og tilpassa skule.

Men ok. Alle veit at EU ikkje er nokon søndagskule. Så dette med helsevesenet og skulane blir sjølvsagt altfor naivt å håpe på. Men eit lite EU-pålegg om europavegen er vel ikkje mykje å be om?

Kom igjen, for vi veit å tilpasse oss.