— Kva meinte du eigentleg med utsegna om at «grisar veit betre enn homofile»? - Biletet var feil. Tanken bak var det Bibelen seier om at homofili er synd. Den som tek imot evangeliet vil oppleva fridom frå homoseksualitet. - Kva ville du oppnå? - Eg må få minna om at dette inngjekk i ei lengre bøn, der vi bad for mange som hadde hamna i synd, også homofile. Det aktuelle bakteppet var framlegget om at homofile skulle få rett til adopsjon. - Det er de imot? - Ja, fullt og heilt. Det høyrer ingen stad heime. - Forstod du i ettertid at du kunne såra mange menneske med måten du ordla deg på? - Ja, og det har eg sagt meg lei for. Men bodskapen står fast, homofili er mot naturens orden. - Er homofili ein sjukdom? - Nei, det vil eg ikkje seia. Men det er perverterte tankar som forstyrrar det normale. Vi er nemleg skapte som mann og kvinne, og seksuallivet skal levast innanfor ekteskapets ramme. Evangeliet kan hjelpa homofile til eit normalt liv. - Har du døme på at homofile er blitt berga inn på den rette vegen? - Ja, det finst det tallause døme på. Når dei blir frelste, får dei ei ny forståeing i sitt sinn. Det har skjedd også her i Levende Ord. Vi har hjelpt mange homofile. - Er den aukande aksepten for homofili i samfunnet eit endetidsteikn? - Ja, sjølvsagt. Det står i Bibelen at i dei siste tider skal menneskesinnet bli forført. Det er det som skjer når ein slik pervers livsstil slår gjennom. - Kva bibelord er det særleg du stør deg til når du er så streng mot dei homofile? - Det er Romarbrevet, første kapittel og elles Mosebøkene. Skapingssoga fortel at vi vart skapte som mann og kvinne. - Ikkje alle kristne tek Bibelen så bokstavleg på dette punktet? - Det veit eg, men hos oss i den karismatiske rørsla er det inga usemje om at homofili er synd. - Men det står mykje rart i Bibelen, m.a. at ekteskapsbrot skal straffast med døden. Er du like streng her? - Ja, eg meiner, som det står i Galatarbrevet 22, at alt som bryt ned lekamen er synd. Ekteskapsbrot er ei like alvorleg synd, slik eg ser det. - Men Paulus, som du heile tida viser til, var også mot kvinnelege prestar. Så her trassar du Paulus? - Her i den karismatiske rørsla meiner vi at kvinner er like gode forkynnarar som menn. - Kva synest du om bispar som vil gje praktiserande homofile fulle rettar i kyrkja? - Det er ein tragedie. Tenk at det har kome så langt at bispar, som skulle ha ei teologisk ballast, vil godkjenna homofil praksis. Det er ein katatstrofe for kyrkja. - KFUM/KFUK har nyleg opna for at ugifte sambuande kan ha tillitsverv i organisasjonen? - Ja, det er fullstendig feil og ei villfaring. Dei kan ikkje læra om Gud som ikkje kjenner Gud. Det er som når den blinde skal leia den blinde. Det endar i grøfta. - Er Noreg eit kristent land? - Det var eit kristent land. No er vi, saman med resten av Europa, det mørkaste kontinentet i heile verda. - Så her trengst vekkjingar? - Ja, ja. Store vekkjingar, slik vi opplever det andre stader i verda. Heile byar, ja, heile nasjonar, gir seg over til Gud. Det er det vi ber om på møta våre, at den heilage ande skal bli sendt oss. - Då ber de også om at muslimane må venda om? - Ja, vi ber for alle. Vi trur at einaste vegen til Gud går gjennom Jesus Kristus. Andre vegar finst ikkje. - Kva vil du seia til homofile i dag? - Eg vil ikkje fordøma dei. Eg vil respektera dei. Men eg vil også seia at eg har noko frå Gud som vil gje dei eit betre liv, heilt fri frå homoseksualitet.