— Det høyrest dramatisk ut med fem centimeter sprekkutviding på eit døger, seier regionsjef Truls Hegrenæs i Jernbaneverket til Bergens Tidende.

Geologar vil granska området i helga, og bana vert tidlegast satt i drift måndag ettermiddag.

Sidan deler av vegen raste ut har Aurland kommune overvaka det ustabile fjellet like nedanfor Berekvam stasjon. Målingar har vore gjort ein gong i månaden. Illevarslande sprekker i vegbanen, like ved jernbanelina, har ført til daglege målingar. I dag hadde ein sprekk utvida seg fem centimeter frå i går.

— Jernbaneverket vil ikkje opna Flåmsbana for trafikk att før ein har forsikra seg om at det er trygt, seier Hegrenæs til Bergens Tidende.