ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Hordaland fylkesutval avviste i går til framlegget frå HSD om å sigla Leirvik forbi med Flaggruten.Etter Sleipner-ulykka har inntektene svikta for Flaggruten. Seinast 20. mars heldt HSD-styret fast på at drifta må bli lønsam innan 1. mai, elles må ruta leggast ned. Kriseplanen innebar såpass kraftige kutt at ruta kan trafikkerast med berre ein båt. Etter framlegg frå Øyvind Halleraker (H) gjekk fylkesutvalet inn for eit alternativ som har Leirvik på ruteplanen, og som inneber at snøggbåten "Baronen" ikkje vert seld. Dermed må fylkeskommunen ut med større tilskot; kor mykje skal det tingast med HSD om.Også kommunane langs leia må yta ein skjerv i denne "dugnaden". Dei vert oppmoda om å redusera kaiavgiftene kraftig, helst til null.Fylkesutvalet vil at Flagg-ruten skal gå to turar dagleg mellom Bergen og Stavanger, frå Bergen klokka 12 og 16. I tillegg skal snøggbåten "Tedno" gå ein morgontur og ein kveldstur til Leirvik. På morgonturen blir det bussamband vidare til Haugesund, og nordover-reisande kan ta Rogaland Trafikkselskap sin morgonbåt frå Stavanger til Haugesund, og buss vidare til "Tedno" som ventar på Stord.HSD skal arbeida vidare med dataljar i opplegget.