Bjørlo meiner at samferdsleministeren har vorte feiltolka, då ho i Stortinget onsdag vart forstått slik at «Fjordgar» ikkje skulle halda fram.

— Det som står fast, er at «Fjordgar» har fått dispensasjon frå Sjøfartsdirektoratet til å gå i ruta mellom Klokkarvik i Sund og Hjellestad i Bergen ut dette året på visse vilkår som gjeld tryggleiken. Løyvet til å halda fram etter 1. mai er knytt til at vilkåra vert oppfylte. Det Torild Skogsholm sa i Stortinget, var at ho ikkje kunne garantera for at ferja kunna halda fram dersom vilkåra ikkje vart oppfylte, understrekar Alfred Bjørlo.

— Torild Skogsholm sa og at sambandet Klokkarvik-Hjellestad vil verta oppretthalde og finansiert som riksvegsamband ut året, legg Bjørlo til.

Han vonar at forvirringa som har oppstått omkring denne saka no er borte.