LARS MÆLANDlars.maeland@bt.no Stord— Det kan henda meir av den rotnande fiskelasta flyt ut når me startar arbeidet med å heva "Green Ålesund", men så langt har me fått opp all fisk det gjekk an å få tak i slik dei to vrakdelane av skipet ligg til no, seier adm.dir. Georg Eide i Eide Marine Services på Halsnøy. Raskt gjort Kvinnheradfirmaet er alt i full gang med å førebu neste etappe, hevinga av først forskipet, så akterskipet av "Green Ålesund".- Me reknar med å kunna starta arbeidet med å fjerna vraket kring 20. mars, så sant veret tillet det. Arbeidet med å få vekk den fisken me kunne fjerna no gjekk raskt unna når me først fekk justert utstyret, og me var ferdige med ryddesjauen ved Bleivik seint fredag, seier Eide. Oppdragsgjevar SFT hadde 13. mars som dato for fjerning av den delen av fiskelasta på 3200 tonn som har hamna på sjøbotnen etter havariet nord for Haugesund 15. desember i fjor. No spørst det om resten av tempoplanen held med like god margin. Sleper vraket Forskipet av "Green Ålesund" vil bli flytta frå havaristaden Bleivik nord for Haugesund til Høylandsbygd i Kvinnherad 22. og 23. mars, akterskipet 2. og 3. april. Dette skal skje ved bruk av Eide Marine Services sine store kranskip, som skal løfta vrakdelane frå botnen og slepa dei i nedsenka tilstand til Høylandsbygd. Først der skal baugparti og akterskip hevast til overflata, og restane av fiskelasta kan fjernast.Planen er at den rotnande fisken skal kvernast og deretter dumpast på djup større enn 1000 meter. Prislappen på den omfattande ryddesjauen er 55,3 millionar kroner, og heile operasjonen skal vera avslutta tidleg i mai.