OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noFitjarDet er eit stasbygg til 30 millionar kroner Fitjar har fått. Ti millionar kroner har den vesle kommunen på 3000 innbyggjarar sjølv skaffa. Realiseringa skjedde ikkje utan knallharde politiske sverdslag i det gule rådhuset nedanfor Håkon den Gode-statuen.— Eg var sjølv med på å tala imot prosjektet. Ikkje fordi eg ikkje såg behovet, men fordi eg var usikker på om me klarte det økonomisk, sa ordførar Agnar Aarskog (Ap) i sin helsingstale under hallopninga i går. Kulturen må venta Idrettshall-delen av bygget har vore i bruk ein månad, medan kulturhusdelen står som eit tomt skal.- Vi skal arbeida målretta for å få innreidd kulturhuset. Det kostar oss rundt 3,5 millionar kroner, sa styreformann i Fitjar kultur- og idrettsbygg AS, Per Bergesen, primus motor for hallen.Under innviinga i går steig den eine velgjeraren etter den andre opp på podiet og gav pengar som kan få fullført kulturhusdelen. Fitjar Kraftlag gav 180.000 kroner, SpareBank 1 Vest gav 50.000 kroner. Entreprenør Engevik & Tislevoll kom med ein sjekk på 50.000 kroner som skal øyremerkjast ungdomstiltak i kafiområdet i hallen. I tråd med visjon - Med dette kombinasjonsanlegget er Fitjar heilt i spiss for utviklinga, det dekkjer visjonane vi har for innsatsen på vårt felt, sa Oddvar Jensen, representant for Hordaland fylkeskommune sin komiti for kultur og helse. - Med denne hallen er eit nytt segl vevd for å bringa Fitjar vidare, sa rådmann Harry Herstad, og knytte helsinga si opp mot den gamle Fitjar-tradisjonen med å veva skipssegl.Saman med dåverande Fitjar-ordførar Johannes Koløen unnfanga Herstad i 1993 ideen om eit idretts- og kulturhus i Fitjar. Det skjedde på ein ferjetur frå Halhjem. Då hadde fitjarfolket snakka i 20 år om eit eige kulturhus. Hallutbygginga skaut fart då den vidaregåande skulen i Fitjar signaliserte behov for gymnastikksal. Skulen ligg rett over vegen for nyehallen.

Tone Hatlevik (t.v), Monika Helland (begge 9 år) og resten av fitjarbuane har fått eit staseleg bygg å boltra seg i . Idrettshallen er i bruk, medan kulturhusdelen ventar på innreiing.