EYSTEIN RØSSUMPER MARIFJÆRENTERJE ULVEDALMARIT HOLMØYSTEIN TORHEIM (foto) eystein.rossum@bergens-tidende.no Bergen/Måløy

I ni-tida i går slo Økokrim til mot Kvalheim og firmaet hans, OK-Fish Kvalheim A/S. Fem spesialetterforskarar frå Oslo og ein tenestemann frå det lokale lensmannskontoret endevendte kontorlokala og beslagla reknskap, bilag og elektoniske data frå dataanlegget.

Den 51 år gamle daglege leiaren og eineeigaren er sikta for meirverdiavgift-bedrageri for 220 millionar kroner, og sat i går kveld i lange avhøyr. Han har så langt ikkje bedt om advokat, og Økokrim ville i går ikkje gje opplysningar om kva som er kome fram i avhøyra.

– Kravde refusjon urettmessig Den storstilte svindelen skal ha skjedd med bruk av ein velkjent metode – det oppsiktsvekkande er det store omfanget. Her er Økokrims teori om framgangsmåten:

— I oppgåver sendt til fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane har OK-Fish Kvalheim hevda at dei har betalt meirverdiavgift for store mengder oppdrettsfisk som har dei har seld vidare til utlandet.

— Fordi fisken har gått til eksport, har fylkesskattekontoret refundert moms-utgiftene.

— I realiteten hadde det aldri vorte betalt moms for fisken. Dermed vart millionrefusjonen frå fylkesskattekontoret – i fjor ca. 100 millionar kroner – rein nettogevinst for selskapet.

Doble sett dokument Rassiaen i går vart leia av førstestatsadvokat Petter Nordeng hos Økokrim. Han meiner å ha funne godt bevismateriale i lokala til OK Fish Kvalheim A/S i går.

– Vi har funne doble sett med dokument: Eitt sett som er sendt til fylkesskattekontoret, der det blir oppgitt at moms er betalt, og eit anna sett som er sendt seljaren, der det står at moms ikkje er betalt, seier Nordeng.

Også andre tilsette i selskapet vart avhøyrde i går. Det skal ikkje vere aktuelt å sikte fleire i saka.

– Alle momsoppgåvene er signer dagleg leiar. Så langt tyder ingenting på at andre har vore innblanda, seier førstestatsadvokat Nordeng.

Jarle Kvalheim sat i natt i varetekt hos politiet, og Økokrim vil i dag vurdere om dei vil krevje han varetektsfengsla.

Utnytta fylkesgrensene Ifølgje Økokrim har selskapet utnytta den manglande samkøyringa mellom dei ulike fylkesskattekontora. Med fisk OK-Fish Kvalheim A/S har kjøpt frå oppdrettarar i Sogn og Fjordane er det ikkje påvist juks. Politiet meiner årsaken til dette er at svindelen her kunne vorte oppdaga lettare, fordi same fylkesskattekontor ville motta momsoppgåver frå både oppdrettaren og fiskeeksportøren.

Svindelen skal omfatte praktisk talt samtleg fisk selskapet har eksportert dei siste fire åra, ifølgje Økokrim, og etterforskarane kjem også til å gå lengre tilbake for undersøke reknskapa frå 1995 og 1996.

Har vorte verre – Så langt tyder funna på at svindelen har tiltatt, frå 20 millionar kroner i 1997 til 100 millionar kroner i 2000, seier Nordeng.

Eitt av spørsmåla som no skal undersøkjast, er kvar pengane kan ha tatt vegen.

– Vi har gjort funn som tyder på at i alle fall ein del av gevinsten frå jukset er brukt til å konkurrere ut andre fiskeekportørar. Det ser ut til OK-Fish Kvalheim har subsidiert den fisken dei har seld, og dermed pressa prisane nedover, seier førstestatsadvokat Petter Nordeng, som reknar med å bruke to-tre dagar til i Måløy før dei held fram etterforskinga frå Oslo.

Les også: Lever eit nøkternt liv Tips førte til storaksjon

AKSJONERTE: Det var tirsdag kveld ved ni-tida Økokrim gjekk til aksjon mot kontora til OK-Fish Kvalheim AS i Måløy.