Austevoll rår over 21 konsesjonar for matfisk, Tysnes ni. Storebror Austevoll passerte i fjor for første gong ein milliard kroner i samla førstehandsverdi for havfiske og havbruk.I Austevoll er det registrert ein nordsjøtrålar og 54 sjarkar og mindre fartøy. Havfiskeflåten og dei 27 ringnotbåtane tel mest. Flåten landa 427.000 tonn fisk verd 689 millionar kroner, mens den stipulerte omsetninga for oppdrett nådde 338 mill. kroner.Utbyte i arbeidsplassar for Austevoll er knapt 300 jobbar til havs, ved mærdene og innan foredling. Tysnes er monaleg mindre på oppdrett, og tradisjonelt fiske er knapt målbart på dei store statistikkane. Oppdrettsnæringa er likevel viktig og har vakse jamnt dei siste fire åra og passerte minst 150 mill. kroner i omsetning i år 2000. Nøyaktige tal er enno ikkje klare, får BT opplyst.