ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

— Ein gledens dag, seier administrerande direktør Stein A. Ytterdahl til Bergens Tidende.- Vi gler oss over eigarskiftet av fleire grunnar. Ein prosess som har pågått over tid, er avklara, og vi har mykje å vinna på sals- og teknologisida med finnane som eigarar, seier Ytterdahl.

Outokumpo har ein anerkjend posisjon i sink-bransjen, god teknologibasis og har vekstabisjonar, påpeikar Norzink-direktøren. Årsrapporten for 2000 frå det finske konsernet understrekar dette. Gruppa hadde 11.932 på lønningslista ved årsskiftet, og har i januar også slått stålverket sitt saman med det svenske Avesta Sheffield og skipa ein gigant med namnet AvestaPolarit frå 24. januar.

Norzink har ein årleg produksjonskapasitet på 150.000 tonn sink, og vil saman med Outokumpu sin kapasitet på 260.000 tonn i Kokkola på den finske vestkysten kunne nå opp i fem prosent av verdsmarkanden. Dei kan dekka mellom 15 og 20 prosent av den europeiske etterspurnaden etter sink. Norzink skal ikkje byta namn etter eigarskiftet, men held fram som eit norsk selskap med utanlandske eigarar.

Outokumpu omsette i 2000 kopparprodukt for vel 1,5 milliardar euro, pluss 26 prosent frå året før. Rustfritt stål vart selt for over 1,1 milliardar euro, heile 51 prosent meir enn i 1999. Til saman omsette gruppa for nær 3,7 milliardar euro i 2000, mot 2,9 milliardar i 1999.