Mannen vart dømt til fengsel i 120 dagar. Kona fekk 90 dagar, men treng berre sona halvparten dersom ho held seg unna strafflagde handlingar i ei prøvetid på to år.

Tapsmeldinga til forsikringsselskapet inneheldt ikkje berre gjenstandar som «innbrotstjuven» tok med seg, men også ein del som dei på førehand hadde stua unna på loftet, og ein del oppdikta verdigjenstandar. Forsikringsselskapet kom fram til ein takst på 380.000 kroner, og betalte ut 85.000 kroner a konto før svindelen vart oppdaga.

Tingretten legg i formildande retning vekt på full tilståing og at selskapet har fått pengane sine, med renter og kostnader, attendebetalt ved eit lån som foreldra til kona har kausjonert for.

Bakgrunnen for svindelen vart forklart med at dei var nedkøyrde av tablettar og trengde pengar til forsøk med prøverørsbarn.