Ferjene som går i dag er svært gamle, nokon over 25 år. I tillegg må ein ha dispensasjon fordi passasjerane i framtida skal plasserast over bildekk. HSD har ein stor trong for fornying av ferjeparken dei næraste åra frametter. To nye ferjer à kr 130 mill. i tillegg til nye ferjekaiar til ca. 60-80 mill. Dette må til for å tilfredsstille ferjekapasiteten Bruravik-Brimnes.

Brua er langt meir miljøvenleg, ingen bilar som står og går på tomgang og ventar på ferja. Inga køkøyring, og dermed langt meir tryggleik i trafikken. Her er det store kapitalutgifter som må kunne brukast meir fornuftig. Fullfinansiering av brua — 150 mill. Her vil samfunnet spare store beløp. Brua er eit langt betre prosjekt for heile regionen enn å halda fram med ferjedrift. Dette må no alle politiske parti vere samde om. I tillegg vil brua ikkje ta pengar frå andre vegprosjekt. Her er det snakk om smidigheit og overføringar frå andre konti. Dette må ein verkeleg få til.

Av Odd Leikvoll, Ullensvang Næringsforum