EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noDottera var berre elleve år då filminga tok til, venninna berre ni. Ingen ante noko om at tobarnsfaren systematisk tok opp det som skjedde i dusjen heime hos han i Bergen. Først i august 1999 kom dottera over videofilmar som viste henne og venninna nakne i dusjen. Politiet vart kopla inn, og heime hos mannen fann dei meir enn 12 timar med videoopptak av dei to jentene. 37-åringen budde aleine saman med dottera og ein yngre son. Venninna var ofte på overnattingsbesøk.Den hemmelege filminga vart gjort med eit videokamera som mannen hadde plassert i eit naborom der døra inn til badet var fjerna. Etter først å ha brukt eit vanleg hobbykamera, gjekk mannen til innkjøp av eit spesielt overvakingskamera som han kunne fjernstyre frå stova. Mannen forklarte i retten at han var "nysgjerrig", og at den systematiske filminga ikkje var seksuelt motivert. Avsløringa av filminga førte til at jenta vart plassert i fosterheim, der ho fortsatt bur. Sonen måtte bu på barneheim i ein lengre periode, men er no attende hos faren.Bergen byrett valde å dømme mannen til 60 dagars fengsel, 30 av dei på vilkår. Dei meiner det må reagerast strengt mot ei slik form for kikking, som dei finn både krenkande og svært ubehageleg for dei som blir ramma. Samtidig meiner retten at ei lengre fengselsstraff vil vere uheldig for sonen som mannen har ansvar for. 37-åringen er ikkje straffa tidlegare.