Det var ikkje sagt direkte, men det låg i korta: IT-Fornebu skulle bli ein norsk variant av Silicon Valley og ei nordisk kraft i utviklinga av IT-teknologien. Stortingsfleirtalet — Arbeidarpartiet og Frp - tenkte seg eit IT-senter på 390.000 kvadratmeter, bustadmassen inkludert. Dette skulle plasserast i det området som tidleg fekk namnet «Noregs indrefilet», og det var mektige menn som stod bak: Skipsreiar Fred. Olsen, dåverande Telenor-direktør Tormod Hermansen, LO-pamp Jan Balstad, Kjell Opseth, Gudmund Hernes og Per Morten Vigtel frå Norsk Investorforum. Dei hadde alt ferdig, men dei ville gjerne ha med seg staten som stor investor.

Dei fekk det stort sett som dei ville. Staten har forplikta seg til å gå inn med 425 millionar kroner. Men etter at saka vart pressa gjennom i Stortinget - mot regjeringa Bondeviks vilje - har det vore stille på Fornebu. No skriv Dagens Næringsliv at også Tormod Hermansen, som er styreformann i IT-Fornebu, er i ferd med å missa trua på prosjektet. Det er Bærum kommune som skal regulera området, og dei folkevalde i Bærum har sine eigne og sjølvstendige oppfatningar om dette. Difor skriv Tormod Hermansen brev til næringsminister Ansgar Gabrielsen og klagar, blant anna med desse orda: «Stortinget er landets høyeste beslutningsmyndighet, og da er det vel ikke slik at en kommune står fritt til å bestemme om de ønsker å følge opp et stortingsvedtak eller ikke?»

Ikkje dødsdom ennå

No er ikkje siste ordet sagt om IT-Fornebu, og det kan vera farleg å forskottera dødsdommen. Men Dagens Næringsliv har prisverdig nok hatt jamlege rapportar frå den gamle avgangshallen, og det går smått. Det som var ei av dei store norske prestisjesakene på 90-talet framstår hausten 2003 som eit lite kontorfellesskap. Utsiktene framover er nokså dystre.

Staten er representert ved SIVA, som eig tredjedelen av IT-Fornebu Eiendom. SIVA ser vanskane som no tårnar seg opp, og har skrive brev til næringsminister Gabrielsen og bede om eit overordna råd. Gabrielsen har svara kort at dei får gjera det beste ut av situasjonen. Gabrielsen var ein av dei som slåst hardast imot heile prosjektet i den form det vart presentert. Han såg heller ingen grunn til at staten skulle engasjera seg.

Mange protesterte på eit tungt statleg engasjement i IT-Fornebu. For dersom det var slik at dette prosjektet var så godt og attraktivt, og når det i tillegg var plassert ved Oslofjordens indrefilet, kvifor laut då staten inn som tung aktør?

Ein spesiell allianse

Ein annan som kjempa hardt imot Fred. Olsens IT-Fornebu var dåverande næringsminister Lars Sponheim. Han syntest det lukta ille av heile opplegget, og ville i alle fall ikkje sleppa til IT-Fornebu utan at dei fekk konkurranse av ein annan aktør. Det greidde han å få til. Nettverk Fornebu presenterte eit noko mindre og annleis prosjekt, med bakspelarar som Orkla, Hakon-gruppen og Storebrand. Men makta rådde, og stortingsfleirtalet - Ap pluss Frp - la Fornebu i hendene på Fred. Olsen & Co.

Den noko merkelege alliansen vart fronta av tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth og Frps medlem av næringskomiteen, Øystein Hedstrøm. Opseth hadde stadig halvannan fot trygt plassert i tidlegare tiders statlege industripolitikk, og meinte staten hadde ei viktig rolle å spela i IT-Fornebu. Kva Hedstrøms grunnar var er meir uklårt. Men alliansen vart inngått i ein periode då Carl I. Hagen ville gje legitimitet til Frp gjennom samarbeid med Arbeidarpartiet. Sånn sett var dette ei god sak for Frp. I eit anfall av overmot leverte dei to karane inn eit såkalla dokument 8-forslag, som i praksis uttrykte mistillit til næringsminister Lars Sponheim. Desto større vart nedturen då partileiarane - Thorbjørn Jagland og Carl I. Hagen - laut gripa inn og snakka dei to kumpanane til rette. Det som skulle bli eit stormløp mot Venstre-leiaren enda som Lars Sponheims personlege triumf.

Like før IT-krakket

No skal vi ikkje stikka under stol at det kan vera fleire årsaker til miseren på Fornebu. Det eine kan vera at heile tanken om å samla alle nyskapande IT-krefter i eitt tun er forfeila og forelda. Mange IT-folk meiner det.

Bærum kommune har også stukke kjeppar i hjula og redusert IT-området vesentleg. Det er ein faktor Tormod Hermansen må leva med. Ingenting tyder på at den sitjande regjeringa vil gå inn og overprøva Bærum kommune som reguleringsstyresmakt.

Verst er likevel timinga. Vedtaket i Stortinget vart gjort den 7. mars 2000, berre tre dagar før det store IT-krakket. I dag står det ingen kø av leigetakarar som vil inn på Fornebu. IT-giganten Hewlett-Packard valde Bryn framfor Fornebu. Det var eit stort nederlag for Fred. Olsen.

Dersom det går som det no ser ut blir IT-Fornebu aldri det Fred. Olsen hadde tenkt. Det kan få mange konsekvensar. Ein er at den store visjonen endar i eit ordinært kontorfellesskap. Men den viktigaste er kanskje at IT-Fornebu inneber sluttsteinen for ein statleg industripolitikk Arbeidarpartiet utvikla på 1950-talet, og som dei trudde på til langt ut i 90-åra. Kjell Opseth trur på han ennå.