Lat oss seia det slik: Det var ikkje store ord og vakre visjonar det skorta på då svenske og danske politikarar gjekk i gang med å foredla tanken om ei bru mellom Sverige og Danmark — mellom Malmö og København. I mars 1991 var ideen omgjort til eit handfast dokument, og juni same året vart dokumentet ratifisert av den danske og den svenske regjeringa. Knappe ti år seinare var dei to landa bundne saman med ei bru, eit vakkert byggverk til 22 milliardar kroner. Öresundbron var eit faktum.

Seinare har både svenskar og danskar fått sanna Lenins ord om revolusjonen, då han sa at det viktigaste var å tenkja gjennom kva som skulle skje dagen etter at revolusjonen var gjennomført. 1. juli 2000 var brua opna - kva no?

Festen var slutt, ballongane blesne bort med vinden. Trafikken stupte til langt under det prognosemakarane hadde spådd. Opningsdagane passerte rundt 20.000 bilar over brua dagleg. I september same året var trafikken nede i 6300 bilar om dagen. Då laut brukonsortiets administrerande direktør Sven Landelius redusera prisen. Det hjelpte litt, men ikkje nok. Drygt to år etter opninga er trafikken stadig altfor liten til å betala renter og avdrag på kapitalen. Men det er som med Nordhordlandsbrua - ho står no der.

3,5 million menneske

Den første visjonen for Öresundbrua var draumen om ein gigantisk motorveg til Europa. I dag er det pendlartrafikken brukonsortiet set sin lit til. Men svenskar køyrer ifølgje vittige tunger berre over kvar gong dei skal handla billeg sprit. Danskane køyrer langt mindre til Malmö, for dei har billeg sprit heime.

Visjonen framstod i ein periode då Europa skulle byggjast på regiontanken. Öresund-regionen er den tettast folkesette regionen i Norden, med over tre og ein halv million menneske. Dersom svenskar og danskar kunne flyta saman til ein arbeidsmarknad var mykje gjort. Det har ikkje skjedd så langt. Endå om det har kome for ein dag at 60 prosent av Nordens bioteknologi og legemiddelindustri ligg i dette området. Men samansmeltinga over landegrensa går tregt.

For svenskane har eitt skattesystem, danskane eit anna. Pendlarane skal betala skatt der dei arbeider. Men det er landet dei bur i som skal betala kostnaden med skule og barnehage og sjukehus. Dette går ikkje i hop, og trass i vilje til å løysa flokane går det smått framover. Svenskane vaktar på danskane, i redsle for at Danmark skal sitja att med største gevinsten. Og vice versa.

Til Aftonbladet fortel den danske togføraren Frank Pedersen og kona Karin at dei tok tanken om full integrasjon alvorleg. Dei flytta frå København til Malmö, med dansk løn og lågare buutgifter. Men byråkratiet - særleg det danske - gjorde livet vondt og vanskeleg. Når Karin søkte lege i Danmark, vart ho avvist. Frank vart nekta av danske styresmakter å ta førarkort for lastebil i Danmark. Det får berre dei som bur i Danmark. Eventyret varde i eitt år. No er dei tilbake i København.

Det som let til å flyta friast er narkotikaen. Beslaga på svensk side har auka kraftig. Det kunne svenskane klart seg forutan.

Billettprisen

Billettprisen har vore diskusjonstema frå opningsdagen, og mange forklarar den låge trafikken med altfor høge billettprisar. Det kan vera rett, men det er ikkje heilt sikkert. For det er slik at 70 prosent av dei bilistane som passerer brua berre betaler 70 kroner i gjennomsnitt. Det er tilfeldige brukarar, dei som tek ein tur i ny og ne, som betaler full pris på 275 kroner.

Men det er fleire faktorar som skal takast med når billettprisen skal fastsetjast. Det gjeld i første rekkje ferjetilbodet Helsingborg-Helsingør, som det er politisk semje om å halda i live. Dette sambandet har tapt 20 prosent av trafikken, men klarar seg.

Så har vi det poenget at prisen over Öresundbrua er eksakt den same som over Storebeltbrua. Danskane vil ikkje at det skal vera billegare å køyra til eit anna land enn å ta seg fram innanlands. Endeleg har vi omsynet til toget, som også har sin plass i brusystemet. Det er mange som føretrekkjer toget, endå om det altfor sjeldan kjem presis. Alle som tenkjer miljøvennleg transport vil ha låge prisar på toget og høge prisar på bil. Det er meir enn ein spekulasjon at billettprisane over Öresundbrua er politisk - ikkje marknadsmessig - fastsette.

Mentale sperrer

Rett skal vera rett - turisttrafikken har blitt monaleg større. Men det er altså ikkje nok til å betala kostnadene. Trafikken ligg nærare 20 prosent under prognosen.

Så er det vel slik at grensa som fysisk vart borte likevel sit ein stad mellom øyrene på folk. Det er skilnad på ein hovudstadsbuar i København og ein provinsbuar i Malmö. Det er ulike kulturar som skal møtast og brytast, og det kan ta tid. Som Kurt Lundskov seier det i Jyllands-Posten, der han omskriv Preikaren kapittel 7, vers 29: «Gud skapte svenskane som dei skulle vera, men dei finn på så mangt og mykje.»

Olav Kobbeltveit