Av Ivar Orvedal

Det er ei kjend sak at BT sine eigentlege kultursider er dei som med kledelig atterhald vert kalla «Leder» og «Debatt» og at den genuine BT-lesar ikkje vil protestere om «kultur»— og reklamedelen flaggar ut, eventuelt som gratisavis med dobbelt opplag. Så vert ingen skjemd om ein i farten kjem i skade for å titulere lesarbrevet sitt med Sir Elton John i staden for Herr Redaktør. Kultur er ikkje avkopling og kosestund. Kultur er påkopling! Du kan gjerne kalle det gleda som følgjer viljen og evna til å leite vidare bak overflata av dagens nyhendereportasjar og underhaldningstilbod, lysta til å utsetje seg for det som provoserar og utvidar eigen forståingssfære og vår trygge forestillingsverden.

Tilstanden vert tydeleg når BT set kulturredaksjonen til å gjete personal- og forvaltningspolitikken til Festspillene i Bergen. Medan seriøse aviser overlet denne typen arbeid til dyktige næringslivsjournalistar har BT meir enn nok med side opp og side ned å manifestere eit destruktivt kultursyn som inneber at jo færre betalande tilskodarar - for ikkje å seie lesarar - jo dårlegare kulturuttrykk. Kompromisslause kulturskaparar veit at sjølv her i eit av verdas rikaste land må ein på godt og vondt leve på naturalia når det gjeld omsetjing av det nytenkte, det nyskapte og ikkje minst det nystemde. Kulturkontoristane sine krav om ordna arbeidsforhold stimulerer i beste fall kunstnaren sin sans for svart humor og den samstemde majoriteten sin trong for sladder.

Festspillene i Bergen har i Bergljót Jónsdóttir si tid som direktør utvikla seg frå ein sedat festival som repeterte det sjølvsagde, til formidlar av spennande uttrykk som ikkje kan føregripast. Festivalen begynnar å likne det namnet lovar: Festspel! Samstundes ivaretek festivalen mange av dei aparte kunstnarane og kunstuttrykka som vanlegvis vert neglisjert av velståande arrangørar med respektabelt rykte. Ein må attende til den kjende bergensbastarden Edvard Grieg og uroppførelsen av «Slåttene» (Op. 72) for å finne tilsvarande modig og upopulært tiltak på våre kantar. Den seinare respekterte komponisten skriv i dagboka si 1906, året før han døydde: «Hvad der gjorde mig ondt var, at Slåttene ikke slog ned, som de skulde og burde. Jeg spillede dem med al den Kjærlighed og Troldskap jeg ejede. Men - derhen min Udvikling nu har ført mig, har jeg ikke Folk herhjemme med, det er det Tunge. Her tæres bestandig på mit Ungdomsstandpunkt, som ved passende Leiligheter berømmes på Bekostning af mit nuværende.»

Nå ventar vi med spenning på om Bergens Tidende og den etter eige utsegn plaga delen av festspelorganisasjonen står fram og dokumenterer sitt kulturelle standpunkt, så sant dei i det heile har ambisjonar utover det vi kan lese oss til i arbeidstilsynet sitt lovverk.