LARS MÆLAND

— Me har fått på plass eine stroppen rundt havaristen, og er i ferd med å prøva få den andre på plass. Klaffar alt, kan me kanskje få heva «Nico» i løpet av natten, seier adm.dir. Georg Eide i Eide Marine Services til Bergens Tidendes nettutgave ved 17.30-tida laurdag.

Kvinnheradselskapet hadde utstyr og mannskap i beredskap og venta berre på gode nok vermeldingar til å starta hevinga av «Green Ålesund», det havarerte fryseskipet som ligg på havsens botn ved Bleivik like nord om Haugesund.

— Me treng nokre dagar med stabilt ver for å gå i gang der, i staden fekk me dette oppdraget i fanget fredag kveld og er i full sving med å få opp «Nico». Arbeidet ved Moster kjem til å føregå i eitt til me får vekk dette vraket, seier Georg Eide.

If skadeforsikring erklærte fredag M/S «Nico» eigt av Osterfrakt A/S i Vaksdal for totalvrak. No skal Eide Marine heva båten og frakta vraket til Høylandsbygd. Kva som deretter skjer med havaristen som framleis har om lag 400 tonn størkna asfalt i lasterommet, er ikkje avklart.

«Nico» var på veg frå Karmøy til Stord med ei last asfalt då båten gjekk på land ved Totland like sør for Mosterhamn natt til torsdag. Det skal seinare haldast sjøforklaring etter havariet.

TOTALVRAK: "Nico" har om lag 400 tonn størkna asfalt i lasterommet. Det er uklårt kva som skal skje med lasta. (Foto: Ove Olderkjær)