Er dette berre ein småleg bommert av budsjettbyråkratiet, eller er det verkeleg H, KrF og V— regjeringa sin klåre politiske vilje?

Kvar vår er det fest i Fjaler, like flott som den salig Jakob Sande såg, når ungdomar i drakter frå heile verda får sin eksamen. Dei dreg heim betre rusta enn truleg frå noko anna gymnas.

Verdsgymnaset i Flekke er ein pryd for Norge, for Vestlandet, for Fjaler. Det ligg i eit fantastisk flott anlegg, her er noko verkeleg å vere stolte av. Men akk, det ligg så langt frå Oslo. I ei tid då vi treng det som mest, er verdsgymnaset ein skule for fred og forståing. Dei forvaltar verdiar som ikkje kan målast i nokre skarve millionar. Skulle ikkje verdas rikaste land ha råd til å spandera såpass på ungdom frå heile verda, og på våre eigne?

Som tidlegare elevforeldre har me sett kva umåteleg verdi verdsgymnaset har, korleis det opnar dører for våre ungdomar og for ungdom frå andre land. Vil ikkje regjeringa ha mangfald? Vil ikkje regjeringa ha private skular? Vil ikkje regjeringa ha internasjonale ungdomsmiljø?

Framlegget er yttarst pinleg. Om statsråd Clemet verkeleg står for dette, er ho vel modig nok til å invitera dronning Sonja og dronning Noor til det flaue gravølet også, som dei var inviterte til den stolte opninga. Me veit at Bondevik kan forretta i gravferder, men stiller han opp til denne?

Cissel Norunn Erdal, Pål Erdal, Vos