OVE A. OLDERKJÆRStord

Alt i år kan den nye takstordninga bli testa ut på eit ferjesamband på Vestlandet.

– Ein aktuell variant er at køyretøya tek alle kostnadane, og at bilpassasjerar og folk som reiser utan bil går gratis, opplyser direktør Steinar Eriksen ved Vegdirektoratets ferjekontor til Bergens Tidende.

Målet er å samordna takstsystema for sjø og land. På dei fleste bomveganlegg er det i dag berre køyretøy som betalar avgift, passasjerar går gratis.

Om nokre år kan dermed køyretøy utstyrte med den nye, elektroniske AutoPass-brikka køyra mellom Bergen og Stavanger utan at folk i bilen treng opna pengeboka ein einaste gong. På strekninga er det i dag to ferjesamband og tre vegbomstasjonar, medrekna bompengeringen i Bergen.

300 mill kr å kompensera Det blir på norske ferjer årleg teke inn 300 millionar kroner frå norske passasjerar, 900 millionar kroner frå køyretøy.

Eit vilkår for takstomlegginga er at ferjeselskapa ikkje skal få mindre inntekter. Dermed må biltakstane opp for å kompensera bortfallet av passasjerbilletane. Dagens ni takstgrupper for bil må også reduserast til to eller tre grupper som er vanleg på bomvegar.

Prøveordning På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Vegdirektoratet oppretta ei intern prosjektgruppe på ferjekontoret. Gruppa sitt mål er å få til ei harmonisering av takstsystema for ferjer og bomvegar til 2005.

– Vi håpar å få i gong ei prøveordning med eit nytt takstsystem i år i eitt eller fleire samband. Det er viktig å få tilbakemelding om kva bilistane meiner, seier avdelingsdirektør Steinar Eriksen.