TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Førde

I dag møtest forhandlingsutvalet i dei to selskapa til møte i Førde.

— Mange av dei tunge problemstillingane har vi rydda opp i undervegs, seier styreleiar Einar Holm i Møre og Romsdal Fylkesbåtar til Bergens Tidende.

— Betyr det at usemja kring styresamansetjing, som ei tid såg ut til å torpedere samarbeidet, også er rydda av vegen?

— Vi er einige om fordelinga av styreverv, opplyser Holm, som ikkje vil gå i detaljar om kva denne semja går ut på.

I det førebelse utkastet til samarbeidsavtale mellom dei to selskapa, skulle FSF eige 59 prosent og MRF 41 prosent av aksjane i eit felles eigarselskap. Dette var rekna ut frå verdifastsetjing av dei to selskapa.

I desember slo så fylkestinget i Sogn og Fjordane fast at eigarforholda også måtte gje seg utslag i styre og råd.

Sogn og Fjordane eigde mest og skulle ha mest makt. Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal ville derimot ha likeverd og balanse. Etter dei to høgst ulike vedtaka i fylkestinga, trudde mange at det var slutten på samarbeidsplanane.Uansett resultat av forhandlingane er det politikarane i dei to fylka som til sjuande og sist skal seie ja eller nei til samanslåing. Det skal skje før sommarferien.