— Kor mykje pengar har HSD tapt?

Det vil eg ikkje kommentera, men det er klårt at vi ikkje kan halda fram med å tapa pengar på sambandet utan å gjera noko, seier Martini til bt.no.

— Kan sambandet verta nedlagt?

— Det er eit alternativ, men vi vil og sjå om sambandet kan drivast på andre måtar som ikkje påfører oss tap.

Etter at Osterøybrua vart opna hausten 1997, har BNR og deretter HSD drive ferjesambandet utan tilskot. Ferjestatistikken for august månad viser at ferja frakta 14.877 bilar mellom Breistein og Valestrand, mot 17.752 i august 2002.

Samstundes med at ferjetrafikken minkar, aukar trafikken over Osterøybrua. Styreformann i bruselskapet, ordførar Ove Kleiveland, opplyser til bt.no at trafikken pr. døgn i august kom opp i 2150 bilar, mot 1.965 i august i fjor.

— Den totale trafikken har auka, og auken over brua er nok større enn nedgangen på ferja, seier Kleiveland.

Samstundes som Kleiveland gled seg over trafikkauken på brua, er han uroa over nedgangen på ferja, og det er han, i eigenskap av ordførar som skal møta HSD torsdag.

— Det vil vera dramatisk om ferja skulle verta borte mellom Breistein og Valestrand. Men Osterøy kommune har ingen pengar å bidra med til drifta, seier Ove Kleiveland.

Han trur det kan vera eit utveg å kutta ut ferja laurdag og sundag, slik at ho drifta konsentrerer seg om pendeltrafikken til og frå byen på kvardagane.