LARS MÆLANDStord

Arbeidet med å suga opp fisken blei avslutta seint fredag. Inntil vidare er dei sundkverna fiskemassane lagra i tankar om bord i lekteren som blei brukt under ryddesjauen.

— Når me først fekk justert utstyret, blei all tilgjengeleg fisk fjerna i løpet av eit døger. Første del av operasjonen gjekk dermed raskt unna, men det kan henda meir fisk flyt ut når me skal til med fjerninga av sjølve vraket, seier adm.dir. Georg Eide i Eide Marine Services.

Fryseskipet «Green Ålesund» med 3200 tonn frossen sild og makrell om bord gjekk på grunn ved Bleivik like nord for Haugesund 15. desember i fjor. Nøyaktig to månader seinare brekte vraket i to og sokk. No skal Eide Marine Services heva dei to vrakdelane, eit arbeid som etter planen skal utførast frå 20. mars. Prislappen på heile operasjonen er 55,3 millionar kroner. «Green Ålesund» tilhøyrde bergensreiarlaget Nomadic Shipping.

RYDDEJOBB: Arbeidet med å fjerne fiskemassene ved «Green Ålesund» ble avsluttet fredag kveld. (FOTO: LARS MÆLAND)