Tredjemann, bileigar og sjåfør på turen, vart sett fri. Påtalemakta påkjærte ikkje denne avgjerda.Forsvararen, advokat Sjur Vinje, seier til Bergens Tidende det er rimeleg at klientane hans vert sett fri fordi dei har vedgått alt dei er skuldgjevne for. Brev og besøkskontroll Men sorenskrivar Lidvard Faaberg påpeika i kjennelsen at dei ikkje har fortalt kven som står bak. Difor har politiet ein rimeleg grunn til å halda dei to i varetekt av omsyn til etterforskinga mot eventuelle bakmenn. Brev og besøkskontroll gjeld dei to første vekene. Aktor, politiadjutant Sturla Vestly, stadfester overfor Bergens Tidende at Hordaland politidistrikt vil be kollegar i Oslo om assistanse. På oppdrag Dei to som vart fengsla har i politiavhøyr forklart at oppdraget kom frå personar i Oslo som dei ikkje vil røpa, uansett kor lenge dei blir sitjande i varetekt. Ein av dei hevdar at han står i narkotikagjeld til bakmennene.På den andre sida har politiet merka seg at mannen sjølv er kjend på Dale etter fengselsopphald på Ulvsnesøy. Han er domfelt 24 gonger tidlegare. Det framstår elles som merkeleg at bakmenn i Oslo skulle tinga tobakkstjuveri nettopp på Dale, av alle stader. Lagleg stige Ved halv fem-tida natt til i går fann dei to innbrotstjuvane ein stige lagleg plassert bak Coop-forretninga på Dale. Dermed kom dei seg lett opp på taket, og kunne bryta opp eit vindauge. Dei tok heisen ned i kjellaren og tømte lageret for tobakksvarer; 1900 sigarettar (95 kartongar), 520 pakkar rulletobakk og ein kartong med sigarettpapir. Problemet var berre at ein nabo var vaken, og melde frå. Skulle få 10 000 kroner Sjåføren skal ha parkert bilen ved Dale of Norway, og lagt seg å sova. Men han vart etter kort tid tilkalla over mobiltelefon, og hjelpte til med innlastinga av tjuvegods. Han er tidlegare ustraffa, og skal ha kjent dei to andre berre i 1-2 veker, men tok køyreoppdraget då han vart lova minimum 10.000 kroner. Voss forhøyrsrett legg vekt på at det ikkje er rimeleg grunn til å mistenka denne karen for kontakt med eventuelle bakmenn i det kriminelle miljøet i Oslo, og at han har lovlege forretningar å sa seg av.