PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bergens-tidende.no

I tillegg til å ha stoffet, er mannen sikta for å ha selt 110 gram av det til ein mann frå Gaular i Sunnfjord.

22-åringen vart pågripen natt til sist søndag på veg mellom Sande i Sunnfjord og Førde. I bilen fann politiet drygt ein halv kilo hasj samt 25 valiumtablettar. Stoffet skulle han ifølgje politiet levere til ein mann i Førde.

Men etter at politiet fann den relatvt store porsjonen hasj i 22-åringen sin BMW, ransaka dei soverommet hans i Høyanger kommune.

Der kom rundt fire nye kilo av stoffet for dagen, og etter mykje finveging kunne lensmannen i Høyanger tysdag legge på bordet nøyaktig 4,774 kilo hasj, det største enkeltbeslaget i distriktet nokonsinne.

— Dette er den mengda vi har beslaglagt så langt. Vi etterforskar saka vidare, og det er ikkje usannsynleg at nye ting vil dukke opp, seier lensmann Olav Hellebø til Bergens Tidende.

REKORDSTORT BESLAG: Politiet i Høyanger opplyser at til saman 4,7 kilo hasj er beslaglagt. Hovuddelen av beslaget lensmannsbetjent Frode Otterskred her viser fram vart funne på 22-åringen sitt soverom. (Foto: Oddleiv Apneseth)