Indre Sogn tingrett meiner det ligg føre grunn til mistanke mot den 42 år gamle bosniaren, som har budd 13 år i Luster.

Retten byggjer serleg mistanken på Juilus Leirmo si forklaring til politiet. Han har gitt ei skildring av gjerningsmannen som høver på sikta, og har serleg peika på at gjerningsmannen hadde ujamne og spesielle tenner i underkjeven.

Leirmo har også frå sjukesenga i Lærdal forklart at han hadde 30 tusenkronesetlar og fire-seks femhundrekronerssetlar oppbevart i lommeboka. Då sikta vart pågripen nokre timar etter ranet hadde han på seg nettopp seks femhundrekronersetlar.

Retten er einig med påtalemakta at bevis kan bli forspilte om sikta vert sett fri Politiet er mellom anna på jakt etter eit skopar som kan avsløre at fotspor som er funne på gjerningsstaden kan vera frå det ettersøkte skoparet til den sikta.

REDD: Dei synlege skadene er kanskje ikkje det verste. Julius Leirmo har blitt redd. Han frykta for livet då han blei angripen i sin eigen heim.
Foto: Oddleiv Apneseth