Fylkesmann Svein Alsaker opplyser til Bergens Tidende at desse hordalandskommunane for tida er under «forsterka økonomikontroll»:

Kvinnherad, Etne, Ulvik, Voss, Fusa, Austevoll, Sund, Vaksdal, Meland og Lindås.

Rådgjevar Ragnhild Fjærestad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fortel at det same gjeld Askvoll, Fjaler, Gulen, Vik og Selje i hennar fylke. Det er truleg berre eit tidsspørsmål før dei fem får følgje av fleire kommunar i Sogn og Fjordane, seier ho.

Kontroll med nye lån

Om dei praktiske konsekvensane av å bli registrert på denne måten, seier Svein Alsaker at for det første må opptak av nye lån godkjennast. Det same gjeld langsiktige økonomiske avtalar. Dessutan skal budsjetta automatisk kontrollerast i høve til dei krava lova set.

— Men vi prøver å finna smidige ordningar slik at vi slepp ein altfor rigorøs kontroll, legg han til.

I Hordaland er det akkumulerte underskotet for dei ti kommunane rekna ut til å vera i alt 60 mill. kroner. Men Kvinnherad og Etne vil truleg dekkja inn sine underskot med det første, og dermed bli strokne frå svartelista. Det same vil etter alt å døma også Ulvik greia.

Bergen på svartelista

På den andre sida vil Bergen hamna på denne lista i løpet av våren eller sommaren så snart rekneskapen for 2001 er handsama og godkjend i bystyret.

Fylkesmann Alsaker opplyser til BT at han hadde møte fredag med representantar for Bergen kommune for å drøfta den vanskelege økonomiske situasjonen. Førebels tal for 2001 viser at akkumulert underskot er på 95 mill. kroner.

Austevoll er i ei særstilling blant dei vanskelegstilte kommunane her i fylket. Sjølv om skatteinngangen har vore god i det siste, vil Austevoll få det vanskeleg enno i fleire år. Fylkesmannen nemner at satsinga på eldreomsorg og samferdsle forklarer mykje av problema. Nokon luksus har det iallfall ikkje vore tale om.

— Bortsett frå Austevoll, er ikkje underskota i dei nemnde kommunane spesielt alarmerande. Men auka pensjonsutgifter kan skapa nye problem, legg han til.

Dyr eldresatsing

— Kommunane klagar over at staten har gitt dei mange nye oppgåver utan å følgja opp med økonomisk støtte?

— Ja, men dei fleste kommunane har greidd å skapa balanse i budsjetta. Frå 1970 til i dag er talet på tilsette i kommunane meir enn dobla. Det viser at behovet for offentlege tenester har auka sterkt. Satsinga i eldreomsorga har sjølvsagt kravd mykje av mange kommunar. Tilskotet til handlingsplanane er rett nok gode, men set store krav til eigeninnsats, seier Alsaker.

Tærer på reservane

— Dei siste åra har ei rekkje kommunar i Sogn og Fjordane selt aksjar, først og fremst i kraftselskap, eller tatt ut ekstraordinært utbyte frå selskap dei har eigardelar i. Dette har for ein stor del gått inn i drifta for å få balanse i kommuneøkonomien, seier rådgjevar Ragnhild Fjærestad.

No er kapitalen som vart henta inn ved aksjesal, i ferd med å bli brukt opp, og kommunane har mindre reservar til å møta underskot i drifta med. Også av den grunnen reknar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med at fleire kommunar kan bli sett under administrasjon.