OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

I alt 13 personar flytta ut or husa sine på Øvre Fet og Nedre Døssland etter eit større ras frå vel 800 meters høgd kom nedover dalen i 19-tida sundag. Det er seks bustadhus i området. Bebuarar i fem av husa vil ikkje flytta tilbake før tidlegast onsdag.

Måndag gjekk det eit nytt ras, fortel Arvid Døssland, som var augevitne til det store raset sundag kveld.

— Det var eit veldig lufttrykk som la store tre flate, fortel han til Bergens Tidendes nettutgåve.

Raset følgte bekkefaret i Skiftesbekken, der det også har gått ras tidelage år. Raset blei denne gongen bremsa av småskog i området før det nådde busetnaden. Raset stoppa om lag 200 meter frå huset til Arvid Døssland. Det er om lag 80 cm snø i området, fortel han.

I samråd med Kvinnherad lensmannskontor flytta fem familiar i området frivillig ut av heimane sine og tok inn på Solheim Turiststasjon i Uskedalen sentrum på kommunen si rekning. Medrekna vinterferiegjester var det i alt 13 personar som let seg evakuera.