Interessa var upåklageleg frå små og store ved hønsagarden «Hønsalio» i går.

— De er så skjønne seier Per Joar Enes.

Òg skjønne er de. Små svarte og gule nyste. Elevane tripper i kø og vil så gjerne halda. Heile klassen skal ha del i æra for at desse små er komne til verda.

Sommaren igjennom har dei samvitsfullt passa hønsene i «Hønsalio». Kvar veke har to elevar frå klassen hatt ansvar.

Heldt vakt i ferien

— Me har mata dei, skifta vatn og gjort reint. Det luktar litt ekkelt, seier Mathilde Heldal og rynkar på nasen.

— Elevane har gått etter vaktliste heile sommaren. Eg må verkeleg få skryta av dei, seier lærar Laila Spratt.

Men det skulle berre mangla. Kyllingene er resultat av ein lovande elevbedrift. Hadde ikkje hønsene overlevd sommaren, vil det ikkje bli profitt i kassa.

Det er riktignok litt tidleg å snakka om profitt enno. Det vert berre produsert eit egg om dagen, men elevane har planar om å auka produksjonen. Førebels er to høner kluks. Dei ruger på egg som kjem frå bygda. Resten av hønene er for ungdommar å rekna. Hanen har ikkje kome i «stemmeskiftet», men han øver seg.

Hane i heimkunnskapen

— Kva gjer de om det kjem fleire hanekyllinger? undrar journalisten.

— Me kan berre ha ein hane, elles vert det kamp, forklarer lærar Spratt.

— Då kan me ribba dei og laga dei på heimkunnskapen, kjem det snarrådig frå Thor André Fylkesnes. Ingenting går til spille i ein bedrift, må skjøna.

Elevbedriften har fått 24.000 kommunale kroner for å starta opp. Huset er arkitektteikna av to av elevane og bygd ved yrkesskulen. Det har vore kransaskål og formell overrekking av hønsehuset i beste byggfaglege tradisjon. «Hønsalio» har eigen direktør, økonomiansvarleg, produktansvarleg og reklamesjef. Eigen heimeside skal snart stå klar, så no gjeld det berre å få hønsene til å trivst, veksa og verpa.

— Fleire har allereie meld interesse for å kjøpa egg, fortel lærar Spratt.

STOLTE BEDRIFTSEIGARAR. Fem små kyllinger vart klekka ut akkurat i tide til skulestart ved Tjødnalio skule. (Frå venstre): Byggansvarleg Tom Roger Agasøster, reklamesjef Alice Risnes og produktansvarleg Maren Johansen er stolte over tilveksten og håpar på auka eggproduksjon i elevbedriften.<p/>FOTO: LENA VERMEDAL