PER MARIFJÆREN

Det var under Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) si katastrofeøving i kraftverket Åskåra i Bremanger kommune torsdag føremiddag det gjekk gale med varslingsrutinane. For ein pårørande vart øvinga sjokkerande realistisk.

I ein og ein halv time trudde nemleg skulejenta at faren var død, medan han faktisk levde i beste velgåande. For ingen hadde fortalt henne at det berre var ei øving.

Familien ønskjer ikkje å kommentere den traumatiske opplevinga, men i SFE var blunderen tema på eit møte som tok heile føremiddagen i går.

— Det som skjedde er svært beklageleg, og var eit samanfall av fleire uheldige omstende, seier administrerande direktør Rune Øyan i SFE.

— Vi kjem no til å ta ein gjennomgang av dette saman med politiet.

Ved ulukker og katastrofer er det nemleg tillagt politiet å koordinere slik varsling av pårørande. Men bortsett frå ein observatør deltok ikkje politiet på den aktuelle øvinga ved kraftanlegget i Åskåra.

— Det er nettopp dette vi no vil ta opp med politiet; om vi let øvinga femne for vidt, seier Øyan.

— Helst hadde vi sett at politiet kunne ha vore med på denne øvinga. Jenta som fekk sjokkmeldinga er elev ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Ho fekk beskjeden på telefon i skuletida, og vart seinare henta av mora og ein representant for kraftselskapet.

Også medelevane og fleire av dei tilsette ved skulen trudde at sakna-meldinga var reell.

— Det er openbert at ho ikkje visste noko om at faren var med på ei øving, og ho fekk sjokk, fortel rektor Ragnar Eimhjellen.

Firda vidaregåande skule var faktisk med på sjølve øvinga. Scenariet var at ein klassse frå skulen skulle vere på omvising på kraftverket då brannen starta. Skulen var informert om at fire elevar ville bli meldt sakna.