BRITT SØRENSEN britt.sorensen@bt.noTysnesDå Eli Malene Berge fylde 90 år, vart ho spurt kva ho ynskte seg når ho vart 100. — Ein helikoptertur til Tysnessåta, svara ho. Ti år seinare vart det ordna med helikopter. Men Eli trekte seg.- Eg er ikkje redd for meg sjølv. Det gjer ingenting om eg dett ned og vert drepen. Men eg tenkte på dei som skulle vere med, seier jubilanten og slær opp ein hjarteleg lått. Kongetelegram I staden vart det feiring i godstolen i stova, med ope hus, rjomegraut, kaffi og kaker, telegram frå kongen tronande på heidersplassen mellom gåver, blomer og helsingar, og med vårsola flaumande over tunet.Dørklokka kimar i eitt sett. Ordførar Lorentz Lunde må frigje plass attmed kaffibordet og takkar pent for seg. - Det var fint med ei fristund hos deg. No må eg heim og køyre møkk, seier han. Kokk på eige kjøken Det skjønar Eli godt. Dagen før dagen sto ho sjølv i potetåkeren og vende jord. Settepotetene ligg og gror seg til. - Kjære folk, det er då lett arbeid, det har eg gjort sidan eg var jentunge. Eg greier meg utan heimehjelp og. Min eigen skit og lort kan eg ta meg av sjølv. Ikkje sjusker eg unna matlaginga heller. Det er viktig å ete ordentleg mat, seier den tidlegare kokken, som takka nei til alle friarar og i staden reiste til Oslo, der ho arbeidde i restaurantbransjen til ho gjekk av med pensjon som 70-åring.Til lokalavisa sa Eli at feiringa ville bli ein ungkarsfest. Men kor er ungkarane?- Å, det er tidleg på dagen enno. Og eg reknar no med meg sjølv og, ler Eli. Ungkarar og morgonsalutt - 100 år, lett til beins og ung til sinns. Kva er oppskrifta? - Å halde seg borte frå alt som er skadeleg. Røyk, drykk . - Og mannfolk! skyt Grete Lamo inn, der ho fer i skytteltrafikk med kaker og kaffikanner. - Leve sunt, arbeide, legge seg tidleg og stå tidleg opp, fortset Eli, heilt uanfekta.- No vert det fagert å vere ungkar, for no kjem alle ungjentene, spøker Harald Storesætre idet dørklokka kimar på nytt. Harald driv garden for Eli. Laurdag morgon sørgde han for at ho vakna av tre saluttar. Og det var berre byrjinga. For i dag fortset den spreke hundreåringen feiringa - i lag med ein konfirmant.