Målet med omlegginga er at fleire skal nyta godt av dette viktige tilbodet.

Det har i media kome fram påstandar om at 2800 personar under 70 år i Hordaland fell ut av transportordninga for funksjonshemma. Dersom dei som hevdar dette kan leggja fram dokumentasjon på det, vil eg svært gjerne sjå denne. Det er ingen ting i det som fylkesutvalet har vedteke som tilseier at gruppa under 70 år fell ut av ordninga.

Fakta er at 2800 personar under 70 år er knytt til TT-ordninga. Denne gruppa har rett til grunnstønad frå Rikstrygdeverket. Personar som har full stønad både frå Rikstrygdeverket og TT-ordninga kjem godt ut, men for einskilde med lågare grad av stønad frå Rikstrygdeverket vil bidrag frå fylkeskommunen si TT-ordning føra til ein unødvendig reduksjon i grunnstøtta deira. Det er sjølvsagt ikkje snakk om å ta TT-ordninga frå nokon. Poenget er at det først må søkjast om stønad frå folketrygda. TT-ordninga skal vera eit supplement til denne stønaden. Dette vil føre til at mange kjem betre ut med den nye organiseringa, sjølv om vi ser at dei med to eller fleire ordningar no får reduksjon til ein.

Den organisatoriske endringa som er gjort vil føra til at fleire menneske får nytta TT-ordninga. Det gjeld menneske med både psykiske og fysiske lidingar. Dersom vi ikkje hadde gjort denne endringa, er eg redd for at TT-ordninga ville brote saman. I dag står 900 menneske i Hordaland på ventelista til TT-ordninga. 750 av desse kjem frå Bergen.

Hordaland fylkeskommune har gjennom fleire år hatt ei svært god TT-ordning, ja, truleg mellom dei beste i landet. No skal denne ordninga bli meir rettferdig ved at stadig fleire får nytta den.

Av Torill Selsvold Nyborg,

fylkesvaraordførar, KrF