Lutro hevder at Os kommune har seld aksjar for ein halv milliard kroner i løpet av dei tre siste åra med Frp/Høyre-styre, og at "det nå bare er 200 milli o nar igjen av disse". Og vidare at "rundt 150 millioner kroner er strødd rundt til en rekke gode formål" og at "150 mill i oner er brukt på Luranetunet og til ne d betaling av gjeld".

For det første har Os kommune hittil seld eigedommar og aksjar i energiverk for 425 millionar ikkje 500 mill kroner (Oskraft 105 mill, BKK-aksjar 295 mill og Os Næringspark/eigedommar 25 mill.) Lutro bommer med heile 75 mill kroner! Vidare har IKKJE Os kommune strødd ut 150 mill kroner på gode formål! Lutro bommer her totalt!

Salsinntektene er forvalta slik;

Skatt 52 mill kroner

Honorar, megler 5 mill kroner

HMS skoler/barnehager 10 mill kroner

Egenkapitalfond 10 mill kroner

Nedbetaling gjeld 150 mill kroner

Fond i kapitalmarkedet 198 mill kroner

TOTAL 425 mill kroner

Luranetunet er heller IKKJE finansiert med inntekter frå aksjesala i perioden til FrP/H. Lutro bommer igjen! Ein skulle tru at Kåre Lutro som gruppeleiar og formannskapsmedlem for KrF hadde betre kunnskap om dei faktiske økonomiske forhold i Os kommune, enn det han tilsynelatande her gjev uttrykk for. Enten avslører Lutro at han absolutt ikkje har fulgt med i timen, eller så lyg han bevist for å sverta fleritalskonstelasjonen FrP/H. Begge alternativa er ille, og seier mykje om politikaren Lutro.

Verdiane som FrP og Høgre har realisert gjennom eigedoms— og aksjesal er som ein ser ikkje brukt opp på tilfeldige "gode formål" eller skutt inn i den løpande drifta av kommunen. Over 90 % av nettoinntekta etter skatt er nytta til varige tiltak som nedbetaling av gjeld og plassering i kapitalmarkedet (i all hovudsak i bank, til høg rente). Verdiane skal sikrast også for framtidige generasjonar av osingar.

At KrF og Lutro har partipolitiske motiv for å sverta økonomistyringa i Os kommune, er noko alle ser. Det minste ein må kunne forlange av eit kristent parti, er imidlertid at ein held seg til sanninga. Det gjer ikkje Lutro i sine kommentarar til BT 21.september!

Av Terje Søviknes, Frp, ordførar i Os kommune