Kraftkommunen Eidfjord og jordbrukskommunen Hornindal er små og lukkelege. Industrikommunen Stord blør kraftig etter aksjefall og må kvitta seg med 40 tilsette.

Festen er over i Kommune-Noreg. Også for tidlegare pengesvulmande kraftkommunar. Frå no og fram til jul er det nedskjering og atter nedskjering som gjeld for rådmenn og lokalpolitikarar.

På kort sikt er det tenestetilbodet for innbyggjarane som blir svekka. Langsiktig er interkommunalt samarbeid og samanslåing løysinga, i tråd med kommunalminister Erna Solberg sine ønskje. I Sogn og Fjordane er prosessen komen langt.

Frå vondt til verre

— Ved utgangen av 2001 hadde Bergen eit oppsamla underskot på 103 millionar kroner, andre kommunar i Hordaland hadde samla 60 - 70 millionar i minus. Desse summane kan bli vesentleg større i år, seier fylkesmann Svein Alsaker til Bergens Tidende.

Fylkesmannen skal som statens forlenga arm passa på økonomistyringa i kommunane, og har sidan i fjor ført ei «svarteliste» over kommunar som er ille ute.

Svein Alsaker nemner tre faktorar som har påverka dei økonomiske resultata i negativ lei i fjor og i år: høge lønskostnader, høge renteutgifter og høge pensjonskostnader. Den tidlegare KrF-politikaren meiner likevel økonomistyringa i kommunane er god, og at underskota enno er «håndterbare størrelser».

Rådgjevar Haavard Rød hos Fylkesmannen peikar i tillegg på endra satsar for arbeidsgjevaravgift som delårsak til elendet for nokre kommunar. I 2000 blei ni kommunar i Hordaland flytta frå avgiftssone 2 (vel 10 prosent) til sone 1 (vel 14 prosent). For ein kommune som Austevoll slår det ut med tre millionar kroner i året.

Samanslåing på dagsorden

I Sogn og Fjordane har fylkesmann Oddvar Flæte det same inntrykket av kommuneøkonomien som kollega Alsaker i Hordaland.

— I fjor var det underskot i 17 av våre 26 kommunar. Minustala blir større i år, seier Flæte til Bergens Tidende.

— Den store utgiftsauken starta med lærarlønningane, så kom helsesektoren etter. Så kom hoppet i pensjonsutgiftene. Den negative effekten blir forsterka av at fleire av kommunane ikkje lenger har kraftinntekter, seier fylkesmann Oddvar Flæte.

Som effektiviserings- og innsparingstiltak er det så å seia i alle deler av Sogn og Fjordane kome i gong prosessar for kommunesamarbeid og -samanslåing.

— Saka er ferdig utgreidd for kommunane Fjaler, Askvoll og Hyllestad i Ytre Sunnfjord. Ei utgreiing er i gong for Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i Indre Sunnfjord, og tek snart til også for Leikanger og Sogndal i Sogn og for kommunar i Nordfjord, seier Flæte.