Eit sermerke i distriktet er at når store løft og investeringar skal takast, då reiser ordførar eller andre på tiggarferd til administrasjonen i Oslo. Der får dei aller nådigst løyve til å setja i gang, men må finansiera sjølv. I klår tekst vil det seia bompengar på ferjer, vegar og bruer. Eller urimeleg stor innsats av eigenkapital for andre tiltak. Det er tydeleg at Oslo-byråkratiet ser på distriktet som koloni eller provins. Her gjeld det å suga til beinet, og yta minst mogeleg frå fellesskapet attende.

Eg vil nemna eit par konkrete døme frå kvardagsliv i vest.

For mange år sidan hende ei frykteleg skredulukka i ei bygd på Sunnmøre. Ein isbre i fjellet rasa ut i eit vatn, og løyste ut ei storskreda over eit område som alltid hadde vore rekna som skredsikkert. Eit heilt byggefelt vart om lag totalrasert.

Ordføraren i kommunen reiste straks til Oslo for å prøva å få litt statleg hjelp til dei omfattande og kostesame strakstiltak som måtte til for å dempa følgjene av katastrofen. Ordføraren, som eg kjenner personleg, fortalde om den kalde, arrogante og avvisande måten har vart møtt med i dei ymse departement. Det var som om ein øydeleggjande katastrofe i ei vestlandsbygd var dei totalt uvedkomande. Ordføraren var like ved å gje opp då ei einsleg svale av ein byråkrat dukka opp med tiltak slik at bygda fekk den hjelpande hand som måtte til for å lindra fyrste og verste skaden etter ulukka. Der fanst altså midlar, men dei sat langt inne når det galdt ei vestlandsbygd. Neste akt, same distrikt og mange år seinare. Ein unormal storstorm råka den elles nokså stormpiska landsdelen. Nærbilete på skjermen synte eit skremeleg kaos av knuste bustader, raserte hamner, senka båtar og øydelagde driftsbygningar. Skogen såg ut som om han hadde vorte valsa ned.

Ingen reaksjon frå det politiske miljø eller frå administrasjonen i hovudstaden.

Dette var i Gro si stordomstid.

Litt seinare. Nye bilete på skjermen frå same område. Men no med H.M. Kong Harald uvêrskledd og i gummistøvlar, ruslande rundt i katastrofeområdet.

Kongen ville ved sjølvsyn skaffa seg full informasjon om stoda. Hans Majestet kom òg med personleg uttrykk for medkjensle med dei som var råka av katastrofen. Eit stillferdig, men tankevekkjande møte mellom konge og folk.

Det hadde vore velgjerande om den politiske leiinga i landet kunne gje signal om at Vestlandet og heile kystlandet etter kvart kunne få ein annan status. Først og fremst at kommunane kunne få ha att ein større del av den verdiskaping som skjer ute i distrikta. Grunnlaget for auka verdiskaping i framtida ligg også i kystlandskapet. Dette grunnlaget er der og vil verta verande der i all framtid.

Også etter at olje— og gassressursane er tømde.

Dei signal ein har sett frå Bondevik-regjeringa er ikkje direkte oppløftande i så måte. Eg merka meg Erna Solberg sin jomfrutale som kommunalminister, med klårt negativt forteikn for distrikta. Den politiske handling har heller ikkje vore serleg velvillig til denne dag.

Det er etter kvart på høg tid at det vert slutt på provinsstempel og nedvurdering av dei distrikt der den største verdiskapinga foregår. Verdiskaping som er resultat av folket sin innsats og skaparevne. Havbruksnæringa er enno i startfasen, sett i høve til ressursar og framtidsvyer.

I dag går overskotet frå verdiskapinga i all hovudsak til investeringar i eit hovudstadsområde som har svak verdiskaping.

For distriktet er det frustrerande å verta detaljregulert av ein statsadministrasjon som hentar mesteparten av sitt mannskap frå Oslo-området, der mange synest å ha det synet at Oslo er synonymt med Norge. Vest for Fornebu og nord for Sinsenkrysset tek provinsen til. Der bur det for det meste usiviliserte bønder og anna krapyl som det ikkje er så nøye med.

For 1000 år sidan hadde Vestlandet ein sterk, god og samlande hovding, Erling Skjalgson frå Sola. Snorre fortel at han var av den gamle hovdingstammen - Hordakåres ætt. I praksis var han norsk visekonge under Olav Tryggvason og gift med kongen si søster. Kongen baud han jarletittel, men Erling avslo og sa at han var nøgd med hersetittel som fedrane sine. Det viktigaste for han var at han fekk alle skatteinntektene frå landet mellom Sognefjorden og Lindesnes. Snorre teinar eit fint bilete av denne karen. Han er den første i soga vår som gjorde opplegg for at trælane skulle få arbeida seg fri, og få fridom og menneskeverd.

Per Sivle har teke dette emnet fram i eit av sine dikt. Han seier det slik: «Friskt mot, sa han Erling, eg vil deg `kje verre enn, sjølv du skal verta din eigen herre. Først lyt hjå meg du tena deg fri. Og fortare går det di meir du heng i. Sidan so fær du, slik eg har lova, åker for plog og timber til stova. Og kornet det vaks der lyngen han gjekk, og fleire og fleire sin fridom fekk. Til seinste atter vår soga han mæler: Han skapte menn - ja, nordmenn av trælar.»

Snorre fortel vidare om dette, at dei som var unge, sterke og heldige - dei løyste seg på eitt år. Dei fleste brukte to, og ingen trong meir enn tre år. Ha dette i tankane neste gong du fer gjennom fruktbart, grønt Jær-landskap. Dette var ei sida ved han som i si tid var den fremste i landet, etter kongen.

Av og til kan ein stogga opp og spørja kva Vestlandet treng mest av alt. Etter mitt syn trengst ein sterk samlande vilje til å synleggjera alt landsdelen har felles, og løfta dette fram i eit folkekrav om respekt og likeverd - i samsvar med ressursar og faktisk verdiskaping både i notid og framtid.

Det hender, men diverre med lange mellomrom, at det stig fram menneske med særlege dimansjonar. Ser ein på Vestlandet i perspektiv av eit par hundre år er det særleg fire som står i særklasse. Ein kan i ei litt romantisk vending seia at ein hjå dei kan ana glimt frå Erling Skjalgson sin gylne hjelm.

I 1814 var Wilhelm Frimann Koren Christie mellom dei leiande på Eidsvoll. Litt lenger utpå attenhundretalet dukka Ernst Sars fram. Han lærde folket om samanhengen i soga, og skapte grunnlaget for politisk vakning og dermed for oppløysing av unionen med Sverige. Så statsminister Christian Michelsen som gjennomførte unionsoppløysinga i praktisk politikk i 1905. Til sist stortingspresident C.J. Hambro som i aprildagane 1940 tok dei avgjerande politiske og konstitusjonelle meistergrep som gjorde det mogeleg at Noreg kunne gå gjennom nederlaget og reisa seg som fri, krigførande nasjon.

Så står det att eit spørsmål til slutt: Når får Vestlandet ein ny Erling Skjalgson - som eit barn av vår tid og som går inn i vår tid?

Av Gunnstein Kolstad