Det er noko patetisk over generaldirektør Reiten når han må forsvare Hydros internasjonale strategi med å skulde på norske politikarar. Han minner om dei lett alkoholiserte diplomatane som har vore for lenge heimanfrå og som frå det store utlandet ser kor smått og provinsielt alt er heime. Berre med mobilisering av alle krefter kan dei orke å skumlese ei norsk avis. Farvel Norge, sa kjerringa, båten svinga om Agdenes.

Reiten er deltakar i eit rollespel. Han er ein kunnskapsrik og kompetent norsk politikar som neppe hadde vore dårlegare statsminister enn han vi har. Nå har livet fare slik med han at han opplever det som si plikt å målbere meiningar som ikkje heilt er i samsvar — for å seie det varsamt - med det grunnsynet han tidlegare flagga at han har. Eg trur ikkje heilt han likar det han må seie. Som Egil Myklebust blir han foruretta når han blir angripen av politikarar. 1.mai-krangelen med Kristin Halvorsen er berre heft for ein som har runda Agdenes og er på veg ut i den store verda. Det er den gamle historia om at dei største slagsbrødrene likar striden best når dei sjølve slår. Får dei ein på snyteskaftet, er dei raske til å markere motstand mot vald.

Frihandel, bortfall av kreditt- og valutareguleringar, friare migrasjon av arbeidskraft og globalisering gir nye utvegar for at investorane får høgst mogleg avkasting på kapitalen. Det fører til at bedriftene er på jakt etter land der arbeidskrafta er billeg, der dei unngår sterke fagforeiningar og der dei sosiale kostnadane er små. Norsk Hydro har sett seg nøydd å delta i denne dansen. Eg ser ikkje bort frå at Reiten kan ha eit poeng når det gjeld rammevilkåra for norsk industri. Europeiske land har ikkje lenger stor otte for militær invasjon. I alle land har frykt for at bedriftene skal flytte ut blitt problem nr. 1. I det europeiske og globale reguleringsregimet kjem dette til å føre til ytterlegare harmonisering av skattar, sosiale ordningar og arbeidstakarrettar.

Eg minnes at Reiten på NHOs nyttårskonferanse sa at Enron-skandalen ikkje kunne hende her fordi vi er eit lite land med stor kulturell kapital. Men han meinte også at vi ikkje må tru at nordmenn ikkje er grådige. Sidan den gongen har Reiten og styret i Hydro fått på pelsen for lønnsauke til direktøren. Vi har fått vår vesle norske variant av høge leiarlønningar, opsjonar og rause fallskjermar. Det er ikkje USA, men reaksjonane i opinionen er svært like. Hydro er med i dansen fordi systemet er slik og fordi dei andre deltakarane i privilegie-kartellet ventar full oppslutnad frå flaggskipet i norsk industri. Det har ingenting med konkurransekraft og marknad å gjere.

Kanskje må Reiten fordi systemet krev det, frå tid til anna reise til New York eller andre stader utanfor Agdenes. Der må han gjere ein innsats for aksjen og børskursen. Han må møte mellomstore investorar som m.a. spør om den store statlege eigarposten i Hydro. Reiten forsikrar nok at staten er ein passiv eigar som ikkje legg kjelkar i vegen for maksimal profitt. Det kan nok oppstå krevande situasjonar for ein som er runnen av eit politisk parti som i heile si historie har ført konsekvent kamp for ein sterk stat. Her heime får vi høyre frå Statoil, Hydro og Telenor at statseige er eit handicap som fører til lægre aksjekurs.

Slike sanningar endrar seg over tid. Nokre av synsmåtane Reiten og Hydro nå gjer gjeldande, er mindre moderne enn dei var. I Norge blir stadig fleire klar over at vi må leve med sterke statlege eigarinteresser. Vi har så få private potensielle eigarar som har investeringsvilje- og evne. Av desse er igjen yttarst få det vi kan kalle langsiktige eigarar med ein industriell strategi. Norske pengefolk er best i eigedom og pengeflytting. Det kjem til å vere situasjonen framover dersom vi ikkje får ei norsk regjering som er gal nok til å meine at ein del av den statlege velstanden må overførast til nokre få private. I Russland og andre land har det ført til strålande korrupsjon, spekulasjon og ressursøyding.

Dei som følgjer med på slikt fortel at Enron, WorldCom, Universal-Vivendi og andre skandalar har medført klimaskifte. Dei urimeleg feite lønningane, opsjonane og fallskjermane er det snart ingen som forsvarar. Alle ser at dette systemet førde til skadeleg jakt etter kortsiktige vinstar og at mange gode selskap har fått banesår av denne ideologien.

Karakteristisk er det også at det som heiter CSR - corporate social responsibility - blir stadig viktigare både i EU og dei einskilde medlemslanda. Stadig fleire av dei store selskapa legg vekt på å gjere greie for korleis dei handterer sitt sosiale ansvar og si omsut for å ¨bidra til berekraftig miljøutvikling. I Evian møtte utviklingslanda opp på G8-konferansen med meir spesifikke krav også til bedriftene i den rike verda. Eitt av dei gjeld gode medisinar til fattigfolk.

Det er ikkje sikkert at det er den klokaste strategien for Hydro å bli så lite norsk som mogleg. Eg har i lengre tid undra meg over korleis Nokia som ikkje lenger kan kallast eit finskeigd selskap, har omsut for ikkje å gløyme den vesle finske byen der dei ein gong laga gummistøvlar. Dei finske røtene gir eit leiande globalt elektronikkselskap identitet og styrke. Det er kan hende ikkje påtrengjande for Hydro å kutte dei historiske røtene som finst i landbruksdivisjonen. Når Herøya er blitt museum, har kanskje heller ikkje nordmenn flest gode tankar igjen for eit selskap som heiter Hydro. Dersom det då finst eit selskap som heiter det.

Nå avsluttar Hydro dei store aluminiumsinvesteringane her heime. Høyanger og Årdal har fått klar beskjed om at dei ikkje står for tur. Næringsminister Ansgar Gabrielsen har forsikra om at han ikkje vil gjere noko med det. Det kom ikkje som eit sjokk for nokon.Men både Hydro og Gabrielsen tek grundig feil dersom dei trur dei dermed er ferdig med saka. Så lett er det ikkje å leggje ned viktige lokalsamfunn her i landet. I dette tilfellet er det tale om einsidige industristader der alternativ sysselsetting ikkje finst. Søderberg-ovnane i Høyanger har ingen stor verdi for framtida. Men nokon kjem kanskje til å sjå verdi i nesten 100 år samanhengande industritradisjon. Vi kjem tvillaust til å få interessante diskusjonar om forholdet mellom lokalsamfunn og energiresssursar. Det er her tale om lokalsamfunn som er ressurssterke på mange måtar. Dei har diskutert framtidsstrategien lenge.

Spør dei meg om råd og det kan vel hende at dei gjer, vil eg seie at punkt nr. 1 må vere å komme seg vekk frå Hydro. Det er ingen grunn til å ha illusjonar om den politiske solidariteten som strøymer mot lokalsamfunn som har fått dødsmerket. Men eg synes det er eit rimeleg krav at den store eigaren stiller opp og bidrar til at desse samfunna kan forme ei framtid der dei ikkje treng vere avhengig av den tankegangen som er dominerande i det som ein gong var eit nasjonalt flaggskip.

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker