Fram til midten av neste tiår vil talet barnefødslar synke markant på Vestlandet, først og fremst fordi talet kvinner i fruktbar alder er på veg nedover.

Men når generasjonen frå midten av 80-talet for alvor har byrjar å yte sitt til fødselstatistikken, snur trenden. Det skjer rundt 2015.

Eldre foreldre

Storleiken på dei kommande foreldrekulla er noko av det viktigaste for kor mange barn som blir fødde i åra framover, men også andre faktorar påverkar fødselstala.

— Tidlegare fekk kvinner vanlegvis barn i første del av 20-åra, medan dei no oftare får barna i andre halvdel av 20-åra. At kvinner vel å ta barnefødslar seinare i livet er eit fenomen som har pågått lenge, seier forskar Turid Noack ved seksjon for demografi og levekårsforskning ved Statistisk sentralbyrå (SSB). – No ser vi også andre endringar, ikkje minst at vi blir meir individuelle.

Forsking på fødselstal og trendar må byggast på prognoser, all den tid fasit ikkje finst før kvinnekulla nærmar seg femti år.

Tobarns på retur

Det betyr at foreldregenerasjonen fødde på 1950-talet er den ferskaste som idag kan oppsummerast endeleg.

— Eg har samanlikna kvinnene som vart fødde i 1958 med dei som vart fødde i 1950, og finn ei langt større spreiing mellom ulike barnetal hjå 1958-kvinnene, seier Turid Noack. - Gruppa kvinner som fekk ingen eller eitt barn var på frammarsj, medan gruppa med to barn er på retur. Også andelen kvinner som fekk tre eller fleire barn er aukande.

Bakgrunnen er sjølvsagt dei store endringane kvinnas og familiens rolle i etterkrigs-Norge.

— Vi har fått høve til å vere meir individuelle, og går ikkje like mykje i takt med våre jamnaldrande, seier forskaren ved SSB.

Klassetreffet

Noack brukar 30-åringar på klassetreff som bilete på dette.

— Om desse møttest på 70-talet, ville dei vere mykje meir like kvarandre på dei fleste område enn kva den same gruppa ville vere i dag, seier Noack. – I dag ville det vere mange i gruppa som har valt å vente med å få barn, og vi ville sjå ei langt større spreiing i livssituasjonar. Vi har større fridom og fleire alternativ enn tidlegare, og også ei større forventning til at vi skal treffe individuelle valg.

I Hordaland vil talet på kvinner i fruktbar alder synke frå drygt 64.000 i 1999 til godt under 61.000 i 2015. I Sogn og Fjordane får vi eit tilsvarande fall, frå 14.600 i 199 til rundt 14.000 i 2015.

Færre enn vi trur

Deretter snur trenden, og tala vil stige fram til 2020 i begge fylka.

Kor mange barn desse kvinnene i snitt vil føde, er avhengig av ei rekke samfunnsmessige og politiske rammevilkår.

Men ingenting tyder på at barnløyse blir noko stort problem i framtida, sjølv om fleire enn tidlegare ikkje får barn. Av kulla frå 1940-talet var det ti prosent av kvinnene som ikkje fekk barn. 1960-generasjonen er berekna til rundt 13 prosent.

— Det er ei sakte utvikling. Når vi spør kvinner om kor mange barn dei forventar å få, er svaret i snitt på mellom to og tre, seier Noack. – Det viser seg at dei reelt får færre enn dei trur, men det er likevel ikkje grunn til å frykte noko masse-barnløyse i framtidas Norge.