Kvifor har då ikkje politikarane lært av desse? Har dei gløymt at førebilete har makt? Har dei gløymt at det finst ein maksime som heiter «liv og lære»? Ein skulle mest tru det, for maktkampen, både før, under og no etter valet, minner meir om Tuppen og Lillemor — enn vilje til ansvar.

Den eine styringskåte partileiaren kastar skit på den hin. Leiaren i eitt parti hakkar på sine eigne, som var ho ei høne. Grasrota, også kalla «folk flest» blir sitjande med svarteper.

Jan Petersen sa i sin tale frå Høgre si valvake i Oslo, at dei som styrer ikkje kan ta seg råd til å vera populistiske. Valgerd Svarstad Haugland greier ikkje audmykja seg sjølv nok til å innrøma at ho har trakka over streken i ei sak der hennar personlege prestisje stod på spel.

Venstre i Oslo vil ikkje sitja i eit byråd saman med Frp. SV vil ikkje samarbeida med Høgre, og i alle fall ikkje Frp. Det er heller ikkje særleg truleg at Frp ynskjer å samarbeida med SV.

Sagt med andre ord: Det finst ingen, som korkje kan eller vil dei skal styra; i eit fargerikt fellesskap. Tuppen og Lillemor i praksis - og så vågar politikarane å tru at dei skal greia å eliminera mobbing på barneskulane? Det er tydeleg at det ikkje berre i KrF det finst sterkt truande.

KrF kastar veggball med rykte og løgn. Det same gjer Arbeidarpartiet. Josef Göbbels ville vore byrge av dei båe. Senterpartiet sit helst på grensegjerdet, på vakt mot EU.

Venstresida i Trondheim jublar over å «endeleg» ha velta Høgreveldet i byen. Det er tydeleg at dei ikkje har høyrt det moderne munnhellet: «Den som kastar

skit på andre, grev samstundes ei grav for seg sjølv».

Er det dette som ligg i det norske demokratiet? Då er det ikkje snakk om demokrati, slik me lærte demokrati var, på skulen, men med rette eit fleirtalsdiktatur. Eg vågar påstanden at det mest ikkje finst eit einaste parti, kan henda ikkje ein einaste politikar, utan ein sjeldan fugl i ein og annan liten kommune, som verkeleg ynskjer det beste for lokalsamfunnet - og for landet. Generelt sett ynskjer alle makt. Rå makt.

I det fallet er det høveleg å trekkja fram maksimen «Makt korrumperer. Fullstendig makt korrumperer fullstendig.»

Er det eit slikt Noreg me vil ha? Samstundes som me ser valdeltakinga går ned over heile fjøla? Burde ikkje det vera eit vitnemål om at det er på tide å leggja det gamle bak oss og få eit meir ekte demokrati? Mindre partifokusering og meir personfokusering? Altså: Personfokusert val i endå sterkare grad - jamvel til Stortinget? Alternativt seinka sperregrensa frå 4,5 til 1,5?

Har me i grunnen råd til eit samfunn der stendig fleire politikarar held fram med å sitja som ungar i ei sandkasse og laga sølekaker - som dei kastar på kvarandre? Eller bør me etterkvart få eit samfunn der sanden ikkje vert blanda med vatn åleine - men også ein dose sement - så me kan byggja eit solid samfunn som er godt å leva i, for alle? Ungane veks i det minste opp - politikarane tykkjest ikkje gjera det.

Lars-Toralf Storstrand, Frekhaug