I Sverige er det val kvart fjerde år, og så skipar socialdemokraterna ny regjering. Det skjer på måndag, men vi kjem til å sakna ein mann i Göran Perssons nye mannskap: Björn Rosengren. No vil han ofra seg for kjærleiken, som heiter Helena Segnestam.

Toppolitikken har sin pris, og for Björn Rosengren vart det familien. Eit ekteskap som hadde vart i 35 år gjekk over styr. Rosengren legg ikkje skjul på at det sveid. No vil han ikkje risikera at hans nye forhold skal enda i grøfta. Vänsterpartiets leiar, Gudrun Schyman, synest det er oppmuntrande at mannen vil satsa på kjærleiken. Men i Luleå og Norrbotten, der Rosengren var Landshövding frå 1995-98, ser dei med stor sorg på Rosengrens bråe farvel med svensk politikk. Han var deira fremste døropnar inn til statsmakta i Stockholm.

Fusjon med rabalder

For nordmenn flest var Björn Rosengren ein ukjend storleik like til vi fekk kjennskap om fusjonsplanane mellom Telenor og svenske Telia. Vi er tilbake i 1999, og då norske og svenske styresmakter ville prøva seg på eit felles industrieventyr, vart det — som skikken er - stort rabalder. Samferdsleminister Dag Jostein Fjærvoll forhandla på norske vegner, medan svenskane sin representant heitte Björn Rosengren og var næringsminister. Somme meinte dette var rått parti, men Fjærvoll kom ned med beina først. Den som «gjorde bort sig», som svenskane seier, var Björn Rosengren. Han hadde meint, men aldri sagt, at dette ikkje skulle vera ein fusjon mellom to likeverdige partar. Rosengren ville at svenskane skulle sitja med bukta og begge endane. For dette standpunktet hadde han ryggdekning hos statsministeren. Dette kunne ikkje norske styresmakter godta, og dermed vart det havari. Det var i denne fasen at Rosengren kom til å omtala Noreg som «den siste sovjetstaten». Han trudde rett nok at mikrofonen var slått av, og seinare har han prøvd seg med at det var ein spøk. I dag medgir han at det var ein tabbe.

Men han fekk svara for Telia-affæren også i den svenske konstitusjonskomiteen, fordi Riksdagens revisorar og opposisjonen var særs kritiske til hans handtering av fusjonen. Men stormen gleid over.

Tangatruser

Men den store skandalen skjedde i 1994, då det vart avslørt at Björn Rosengren tre år tidlegare hadde besøkt ein pornoklubb i Stockholm. Då var Rosengren ennå «ordförande» i Tjänstemännens Centralorganisation - forkorta TCO - som er ein mektig overbygning for ei rekkje svenske fagforbund og representerer 1,2 millionar medlemmer. Det var pornoklubben Tabu som ein septemberkveld i 1991 fekk besøk av Rosengren i følgje med ein amerikansk forretningsmann. Rekninga - 55.600 kroner - meinte han medlemmene kunne betala.

«Eg visste ikkje kva dette var for plass,» prøvde Rosengren seg med som forklaring. Den stod knapt til truande etter kvart som det kom fram at i døra stod ei smilande kvinne i tangatruse og høghæla sko.

To veker seinare kom avsløringa som viste at Rosengren hadde køyrt drosje for 18.208 kroner berre i september 1991, og i løpet av tre år for drygt ein halv million kroner. Det enda med avgang - rett nok med ein feit fallskjerm på åtte millionar kroner. Den vekte naturlegvis også ein viss debatt.

Lurde svenskane

Dei tre åra som Landshövding i Norrbotten var ein suksess. Han har seinare karakterisert dei som sine beste år. Men det vekte oppsikt då Göran Persson i 1998 henta Rosengren inn til det prestisjetunge næringsdepartementet, saman med ein annan fargerik person, Mona Sahlin. Her har det ikkje mangla på store ord, og mange svenskar er framleis rasande på Rosengren fordi han rådde dei til å bruka sparepengane på aksjar i Telia. Dei kjøpte for 85 kroner. I dag er kursen under 30.

Lovnaden om breiband til alle svenske kommunar før 2002 er omme, var også lite verd. Framleis ventar hundre svenske kommunar på det nye breibandet. Litt for lang avstand mellom ord og handling, seier næringslivets folk, endå om dei medgir at mannen har innsikt i næringslivets strukturar og problem. Han var ein gong sjølv ei lita brikke i svensk næringsliv, som bilmekanikar, før han tok til å klatra på karrierestigen.

Likar seg i vinden

Korleis har så Rosengren opplevd dei harde stormkasta som tidvis har nærma seg orkan styrke? - Eg synest om at det stormar og bles, seier han til Aftonbladet. - Kritikken får ein ta. Politikken er slik i dag. Alt vi gjer skal kontrollerast. Alt vi seier skal vegast på gullvekt. Det er slitsamt og vanskeleg. Eg er eit spontant menneske. Eg likar nærleik og eg likar menneske. Det er vanskeleg å vera politikar dersom ein er på det viset.

Göran Persson brukte mykje tid på å prøva å overtala Rosengren til ikkje å forlata politikken. Persson hadde bruk for fargeklatten, om enn i eit anna departement. Men Rosengrens nei var absolutt.

Men svensk presse er overtydd om vi kjem til å høyra meir til Björn Rosengren. Ein spekulasjon er at han skal inn i Jan Stenbeck-konsernet. Det vil han ikkje kommentera. I dag er det berre eit fåtal som veit kva han skal til med. Men han dukkar dukkar nok opp igjen.

Kva han angrar mest på i den politiske karrieren? Det er utsegna om Noreg som siste sovjetstaten. Men, seier han til Aftonbladet, den kom etter ein viss provokasjon.