• Slik dei herjar no fjernar dei alle fargeklattane i partiet. Eg ser det som ei æressak å bli ekskludert på dei premissane som ligg føre, seier Fredrik Litleskare.

LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noStordFredrik Ugland Litleskare er i ferd med å bli kasta hode-stups ut or partiet han har vore medlem av i 24 år. Fredag kom beskjeden frå Oslo om at han var "aktivt utmeld" frå Framstegspartiet. Og sjølv om Litleskare meiner heile prosessen mot han står til stryk i forhold til partiets eigne vedtekter, innser han at tida som Frp-politikar er over.— Her ligg ingen nede, det kan eg lova deg. Eg blir frustrert, men mest forbanna på måten dei vil bli kvitt meg på. Dei får jaggu følgja vedtektene sjølv i slike saker, og eg reknar meg som Frp-medlem til dei har gjort eit formelt korrekt vedtak, seier Litleskare. Alternativ liste I går streva han med å fjerna sin part av all snøen som dekkar Stordøya. Måndag skal han fjerna all tvil om kven som skal stå på ei alternativ liste til Stortingsvalet, med utspring blant opprørarane i Frp.- Fram til då vil eg ikkje ut med namn, men det skal bli ei sterk liste, seier Litleskare.Han har også fått henvendingar frå andre parti med spørsmål om å stilla på liste til Stortingsvalet, og utelukkar ikkje at det kan bli vegen å gå.- At Frp ikkje har bruk for meg lenger etter 24 år i partiet, får eg ta til etterretning. Eg har på ingen måte mista lysten til å engasjera meg politisk, og vil bruka helga til å vurdera dei ulike alternativ i striden som ventar, seier Fredrik Ugland Litleskare.Ei løysing kan vera å stilla på liste for Sosialdemokratene.- Det kan vera fristande, og partiet har eit program som ligg tett opp til det me har i Frp, seier Litleskare. Bryt spelereglane Litleskare er gruppeleiar for Frp i Stord kommunestyre, og meiner både fylkeslaget i Hordaland og sentralleiinga i Oslo bryt spelereglane i sin iver etter å bli kvitt han.- For det første er det kun sentralstyret som kan fatta vedtak om eksklusjon. Denne saka har ikkje vore opp der, og generalsekretær Geir Mo har vist ei utruleg arrogant haldning til oss som kom i mindretal på nominasjonsmøtet. For det andre blir det vist til vedtak i Hordaland Frp som grunnlag for det som no skjer, men eg veit fleire i styret som ikkje har vore med på noko slikt vedtak. Eg vil gjerne sjå både innkalling, liste over kven som var til stades og protokoll frå møtet der eg skal ha blitt aktivt utmeld av partiet, seier Fredrik Ugland Litleskare

- FORBANNA: - Her ligg ingen nede, det kan eg lova deg. Eg blir frustrert, men mest forbanna på måten dei vil bli kvitt med på, seier Fredrik Ugland Litleskare.Foto: Lars Mæland