PER MARIFJÆRENI desse dagar mottek Sogn og Fjordane Framstegsparti årets støtte på over 40.000 offentlege kroner, gjeve på grunnlag av eit FpU-fylkeslag som ikkje finst. Det same har skjedd dei siste åra, men det er uklart kor mange år partiet kan ha tatt imot støtte dei ikkje har formelt krav på.På partiets eigne nettsider står FpU-formann Bård Hoksrud oppført som kontaktmann for FpU Sogn og Fjordane. Hoksrud har adresse Bamle, og er dessutan sentralstyremedlem i Frp.— Det stemmer nok at FpU ikkje har noko eige fylkeslag i Sogn og Fjordane, stadfestar kontaktmann Hoksrud overfor Bergens Tidende.- Men vi jobbar med å etablere eit, og vil truleg kalle inn til årsmøte i løpet av ein dryg månad. Hoksrud fortel at det rett nok har vore ei form for regionlag i deler av fylket.- Men er det rett av Frp å motta denne støtta, når laget som skal ha pengane formelt ikkje er i drift?- Det vil eg ikkje kommentere. Spør heller Lars Svein Drabløs.Drabløs er leiar for Frp i Sogn og Fjordane, og seier til Bergens Tidende at han ikkje ser nokon problem med å motta støtte til eit ungdomsparti som ikkje er på fote.- Det har lege under Hordaland FpU nokre år, men det er ein rein formalitet, forklarer Drabløs. Også ifølgje Drabløs har planen vore å få ungdomsorganisasjonen i fylket på fote att, men ein har så langt ikkje fått dette gjort. Han forsvarer fullt ut at partiet mottek ungdomsstøtta.- Midlane skal jo brukast til utvikling og drift av eit ungdomslag, seier han.