Avgiftskravet vart overlevert måndag, samtidig som Økokrim arresterte fiskegründaren og millionæren i kontorlokala til OK Fish Kvalheim AS i Måløy.

– Avgiftsvedtaket er gjort av oss på fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane. Betalingsfristen er tre veker, seier fylkesskattesjef Øystein Alme.

Fryktar kroken på døra Det gjer at dei tilsette i bedrifta ser svart på framtida.

– At det er tre vekers betalingsfrist er heilt ukjent for oss. Det betyr nok kroken på døra, fryktar Bjørn Kvernevik, seljar og styremedlem i OK Fish Kvalheim AS. Seint i går kveld venta han fortsatt på å få snakke med advokatane til den daglege leiaren i selskapet, Jarle Kvalheim (51).

Utanom den næraste familien er advokatane dei einaste som får snakke med den bedragerisikta 51-åringen.

– Per i dag veit vi ingenting Vi håpar advokatane kan gje oss fleire opplysingar, seier Bjørn Kvernevik.

Det blir skattefuten som får i oppgåve å drive inn pengane. Dersom ikkje gigantrekninga blir betalt innan fristen, vil han ty til utpanting og i siste instans konkursbegjæring.

Stiller på jobb Dermed tyder mykje på at dei sju arbeidsplassane i OK Fish Kvalheim AS heng i ein tynn tråd. Det kjempemessige momskravet vil også kunne ramme fiskeoppdrettarar og andre som har til gode til dels store summar frå den svindelsikta fiskeeksportøren, fordi skattekrav har høgare prioritet enn krav frå bankar og andre kreditorar.

Men i dag vil dei tilsette i OK Fish Kvalheim AS stille på jobb som vanleg. Styret i bedrifta skal ha eit møte med selskapets revisor, Olav Sølvberg, i løpet av dagen.

– Forhåpentlegvis vil vi da få vite meir om framtida til bedrifta, seier Bjørn Kvernevik. Styreleiar i selskapet og far til Jarle Kvalheim, Kjell Kvalheim, ønskte i går ikkje å uttale seg om saka.