Dermed kjem Helse Vest, Helse Aust, Helse Sør og Helse Nord på line med Helse Midt-Noreg, som har vore åleine om å halde opne styremøte.

Helseminister Dagfinn Høybråten seier at han fatta avgjerda i går på bakgrunn av dei evalueringar og innspel han har fått mellom anna frå helseforetaka sjølve. Men nokon detaljerte retningsliner om korleis prinsippet skal handhevast, finst ikkje. Han har derimot ingen planar om å opne foretaksmøta for innsyn.

«Bortiveggene»

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening seier i ein kommentar til Bergens Tidende at han er glad for sjølve vedtaket om å opne styremøta.

— Men det er bortiveggene å gjere eit slikt vedtak utan å kunne seie noko om kva konsekvensar det vil få for behandling av konkrete saker. Det gjeld til dømes viktige saker som budsjettet. Statsråden stadfesta at dette er viktige saker, men han kunne ikkje svare på om budsjettbehandlinga skal gå for opne dører. Han kunne heller ikkje svare på om brukarmøta skal gå for opne dører.

— Dette tyder på at standpunktet om å opne dørene ikkje bygger på så veldig grundige vurderingar av dei prinsipielle sidene og kva konsekvensar opning av styremøta vil ha, seier Øy.

Grunngjevinga

Høybråten grunngjev avgjerda om å opne dørene med at helseforetaka må styrast etter like prinsipp. Ein kan ikkje ha det slik at dei fleste helseforetaka opererer bak stengde dører medan nokre få har opne dører.

Å opne helseforetaka er viktig, dels på bakgrunn av at foretaka forvaltar store offentlege midlar, dels av di dei fattar vedtak som gjeld spørsmål som er viktige for folks helse.

— Det har vore mykje kritikk ute mellom folk, i media og på Stortinget mot dei stengde dørene. Det er viktig å gje innsyn for å skape tillit og legitimitet, seier Høybråten.

Helsar vedtaket velkomen

May Vik, som er styreleiar i Helse Vest, seier til Bergens Tidende at ho helsar vedtaket om å opne styremøta velkomen. Ho seier at ho har vore tilhengar av opne styremøte og at ho har gjeve uttrykk for det overfor Høybråten.

Når styremøte i Helse Vest likevel har vore lukka forklarar ho det med at fleire av dei styremedlemene som sat i det opphavlege styret, hadde stilt som vilkår for å påta seg styreoppdrag, at styremøta var lukka. Konsekvensen av Helse Vest si haldning til nå har vore at alle helseforetaka som ligg under Helse Vest, har hatt styremøte bak stengde dører.

— Nå har styret ei ny samansetting, og det er då duka for å opne møta, seier Vik.

Ho opplyser at ho vil ta spørsmålet om å opne styremøta opp på styremøte i Helse Vest 3. september.