— Vi har om lag 350 bussar som køyrer i Bergen og omland. Av desse er det berre dei seks linje 2-bussane som er i klasse 1, seier Jan-Helge Sandvåg, sjef for verkstaddivisjonen i Gaia Trafikk.

Dersom ikkje norske styresmakter vel å utvide virkeområdet for dei nye reglane, blir det dermed lite å gle over for funksjonshemma bergensarar. Trolleybussane på linje 2 skal etter planen fornyast innan 2003. Dei nye bussane må då utstyrast i samsvar med det nye direktivet frå EU.

— På ein ny buss kostar ein enkel rullestolrampe ca. 10.000 kroner, seier Sandvåg.

Gaia-sjef Arne Buanes hadde ikkje høyrt om dei nye reglane før BT orienterte han i går.

— Det einaste eg kan seie er at vi sjølvsagt vil følgje gjeldande regelverk. Eg veit i dag ikkje kva dette nye direktivet vil koste oss, seier Buanes.